For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Leder

IVRAR FOR INNSTRAMMING: Kunnskapsminister Tonje Brenna verkar stadig mindre begeistra for norske friskular, eller privatskular, som regjeringa vil at dei skal kallast.

Arbeiderpartiets fryktstyrte friskulepolitikk

Publisert Sist oppdatert

Civita-leiar Kristin Clemet tok i ein nyleg Minerva-artikkel eit kontant oppgjer med utdanningsministeren og venstresida si haldning til det norske friskulesegmentet.

Clemet, som over tid har følgt friskulane tett og vore ein av deira mest konsekvente talspersonar, meiner at skepsisen mot friskulane har nådd eit hittil ukjent nivå. Eitt uttrykk for dette er at også Oslo by Steinerskole, ved styreleiar Mette Kalager, nettopp såg seg nøydd til å heva stemma i debatten.

Kalager stilte for kort tid sidan opp i Dagsnytt 18 og framførte eit svært engasjert forsvar for friskuleslaget ho representerer. Samtidig gav ho eit innblikk i ein situasjon der friskulane opplever seg meir uønska enn nokon gong.

Powered by Labrador CMS