Frispark
17. MAI: Eg håpar at også du hadde ei fin grunnlovsfeiring i år. Den var den viktigaste på lenge, skriv Kjersti Toppe.
Ørn E. Borgen / NTB
Årets 17. mai var ekstra viktig
Denne veka har vi feira Norge sin store dag, grunnlovsdagen. Etter to år med pandemi fekk vi endeleg «lov» til å feire i gatene, kle oss i finstasen og ta fram flagget. Vi fekk sjå på eller gå i barnetog og vi samlast på skuleplassen til talar, musikk og underhaldning.
Det vart ein lang dag der vi kunne hygge oss i fellesskap med dei rundt oss og gle oss på ordentleg vis over dei demokratiske rettane vårt samfunn er tufta på. Så flott, så ekte og så vakkert. I år var det verkeleg Norge i raudt, kvitt og blått.
Vêret var fantastisk, i alle fall i vest der eg oppheldt meg. Vi snakka litt om det, at i minna våre er 17. mai alltid fin og varm. Som i år.