Kommentar
Argumentasjons-alarm: Er kjønn uvesentleg for teologien?
At Den norske kyrkja ordinerer første prest som verken reknar seg som mann eller kvinne er langt mindre oppsiktsvekkjande enn argumentasjonen som følgjer med.
Prestevigslinga, som skal skje på sundag i Nidarosdomen, kjem neppe overraskande på folk som står Den norske kyrkja nær. Det er ei hending som krev debatt, men ikkje persondebatt
Forventa utspel i etterkant
At det har komme utspel i etterkant av nyhendet har neppe bidrege til kollektiv bakoversveis. Først ute var kyrkjerådsmedlem Therese Egebakken. Ho responderte knallhardt på Facebook. Og fekk kritikk frå Vårt Land på leiarplass, men kanskje endå meir forventa frå tilsette på Teologisk fakultet.
Forsvaret av ordinasjonen er litt av ein «intet sett, intet hørt»- manøver.
Bakoversveisen kjem dermed verken frå saka i seg sjølv eller frå utspelsdramaturgien, men av ein teologisk argumentasjon som ser ut til å ha gått av hengslene. Forsvaret av ordinasjonen er litt av ein «intet sett, intet hørt»- manøver.
«Det teologiske fakultet utdanner ikke til å forkynne kjønn» slår ein trio av TF-akademikarar fast. Enkelt, ikkje sant? Å prøva å seia at dei ulike identitetspolitiske spørsmåla mange strevar med om dagen, nærast er teologisk uvedkommande er eit fascinerande grep. Men også reduksjonistisk.
For dersom tru og trusformidling ikkje dreier seg om spørsmåla vi alle er opptekne av, kan vi trygt slå fast at desse teologane plasserer teologien i ein kuriøs og isolert bås.
Dessutan: for å tru på ein enkel påstand om at «kyrkja ikkje forkynner kjønn» må ein ha svært låge forventingar til at trua faktisk rører ved alle sider ved livet. Ein dualisme som demonterer den intime koplinga mellom tru og person verkar lite berekraftig.
Innestemme?
Kritikken av Egebakkens rolleforståing er lettare å følgja. Alle kan ha godt av å pusta litt med magen, og spørsmålet er som før kor eigna Facebook er for slike utspel.
På den andre sida kan ein innvenda at mange med Egebakken kan kjenna behov for å setja CAPSLOCK på innimellom. Demokratiforståinga i den norske kyrkja stikk ikkje alltid så djupt, trass fine ord.
Dess mindre ein organisasjon lyttar til mindretala, dess oftare gjallar frustrerte utrop. Den «innestemma» som så ofte blir omtalt i rosande ordelag, er gjerne ein luksus diplomatane og andre som alt er vane å bli lytta til.
Parallell til donatistar på 300-talet?
I argumentasjonen for at vigslinga er uproblematisk, dreg Vårt Lands leiarskribent linja tilbake til 300-talet. Frå dei kjetterske donatistane, som ville nekta ein bispeordinasjon, på bakgrunn av visse synder, via Augustin og Luther, trekkjer avisa ein parallell til Nidarosdomen 21. januar 2024. Den norske kyrkja sin første såkalla «ikkje-binære» prest ser nesten ut til å ha kyrkjehistorisk presedens!
Donatisme-analogien er nokså malplassert. Dei eventuelle spørsmåla knytt til ordinasjonen kommande sundag, handlar ikkje om at ordinanden er skulda for å ha gjort ei bestemt synd eller at ha ein livsstil som diskvalifiserer. Slikt har vi ikkje tilgang til i våre dagar.
Sak og person
Å drøfta denne ordineringa og kva ho representerer, dreier seg ikkje om personkritikk. Ei heller er det grafsing i nokons personlege synderegister.
Det som er verdt å drøfta, er måten Den norske kyrkja vel å gå fram for ta inn nye tenkjemåtar knytt til kjønn, samliv og seksualitet. Det er effektivt, og verkar ofte uangripeleg.
I staden for å drøfta tematikken ordentleg, gjer ein saker personlege, gjennom å gjera folk til symbol for nye syn og symbolsaker. Døma er mange nok til å omtala det som eit mønster.
Eit par døme: På 90-talet fekk ei homofilt samlevande bli verande i prestestillinga si mens kyrkja framleis såg ekteskap utelukkande som ei ordning for mann og kvinne, og Siri Sunde-saka var eit faktum. I 2021 gjennomførte kyrkja ein heimesnikra kjønnsskifte-liturgi og kalla det «veileder». For dei som var kritiske, verka det fort som eit personangrep på Elin Stillingen.
Kyrkja ber eit medansvar for at sak og person fort blir blanda saman
Og no skaper ein altså forventing om at uttrykk og idear som «trans» og «kjønnsmangfald» berre skal aksepterast utan vidare – også i kyrkja. Legitime spørsmål blir fort til sårande personkritikk av nyutdanna Alex.
Her må ein seia at kyrkja ber eit medansvar for at sak og person fort blir blanda saman.
Raus haldning. Når det passar.
Dersom Luthers ord, om «sakramentets gyldighet» om så fanden sjølv forrettar», var tenkjemåten i Den norske kyrkja, skulle ein i alle fall kunna sjå føre seg konservative folk som Benjamin Bjørnsen Anda og Mikael Bruun i full vigør med biskoppeleg ryggdekning.
Men. Den rause haldninga som no møter sundagens ordinasjonen, går definitivt ikkje i favør av alle som avvik frå hovudstraumen i Den norske kyrkja.