For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Debatt

INGEN PROTEST: President Vladimir Putin saman med patriark Kirill i Den russisk-ortodokse kirke, som har gitt sin støtte til invasjonen av Ukraina.

Åtvara mot krig og hat. Då kom politiet

Den modige russiske presten kalla invasjonen i Ukraina krig, han samanlikna den med brodermordet i Bibelen og åtvara mot hat og drap. Då kom politiet.

Publisert Sist oppdatert

Langt ute på den russiske landsbygda, i landsbyen Karabanovo i Kostroma-regionen, meir enn 300 kilometer frå Moskva, har fader Ioann (John) Burdin leia Kristi oppstandelskyrkje sidan 2015. Alt dagen etter invasjonen i Ukraina la han ut ein tydeleg protest mot krigen. Det gjorde Burdi saman med sin forgjengar og framleis aktive prestekollega, Georgi Edelstein.

Dei skreiv om russiske angrep på Kyiv, Odessa, Kharkiv, Mariupol og andre byar. «Russiske soldatar drep sine brør og søstrer i Kristus», skreiv dei. Edelstein og Burdin gjekk rett på sak og samanlikna Putins invasjon med ein annan grufull invasjon: «Lat oss ikkje repetera brotsverket til dei som hylla Hitlers angrep 1. september 1939.» Det var dagen Hitlers armé rulla inn i Polen.

Dei la til: «Vi kan ikkje skamlaust lukka augo og seia at svart er kvitt, vondt er godt, (eller) seia at Abel truleg handla feil då han provoserte den eldre broren sin. Blodet til innbyggjarane i Ukraina vil ikkje berre vera på hendene til herskarane i Den russiske føderasjonen og soldatane som utfører ordren deira. Blodet vil vera på hendene til kvar ein av oss som støttar denne krigen eller som blir verande stille.» Dei la ut også ei lenke til eit opprop mot krigen.

Powered by Labrador CMS