Meninger

OKSE: Då dei skulle heim denne kvelden oppdaga dei at det stod ein «nyati», ein stor bøffelokse, eit stykke frå stien, skriv Jan Helge Aarseth. På biletet ser vi ein bøffelokse frå Kina.

Avdrag på gjeld

Publisert Sist oppdatert

I ei sørvend skåning ned mot den vide Victoriasjøen ligg ein liten landsby som heiter Sikiro. Fiske og jordbruk har i generasjonar halde liv i folket her.

Kvar ettermiddag er innbyggarane vitne til eit nokså fast ritual. Ei lita gruppe av kvinner og born går som i prosesjon ned til sjøen for å henta vatn, vaske klede og bada. Denne dagen var det meir enn 30 av dei, med stort og smått.

Då dei skulle heim denne kvelden oppdaga dei at det stod ein «nyati», ein stor bøffelokse, eit stykke frå stien. Eit einsamt og utstøytt gammalt dyr som hadde forvilla seg bort frå dei frodige grasslettene i Serengeti-området.

Den vandra no mellom dei mange landsbyane ute på Kibara-halvøya. Eit kjempedyr på nærare tonnet, og gretten og sur som få. Eit av dei afrikanske dyreslaga som har flest menneskeliv på samvitet.

Oksen grov i bakken, bøygde den veldige nakken, rista på dei breie horna og gjorde seg klar til stormløp. Kvinnene og borna i den vesle gruppa var totalt forsvarslause.

Der var ingen stad dei kunne gøyme seg eller flykte til. Varselropa verka fånyttes. Og kva med alle borna?

Ein mann frå landsbyen stod eit godt stykke unna, men oppfatta situasjonen og den akutte faren som dei alle var i. Han vrengde av seg skjorta, og veifta den i lufta. Ropte og skreik, og sprang mot den illsinte oksen.

Då stormløpet starta, vart det mannen med skjorta som vart blinka ut. Han som vart offeret, og den som vart trampa ned. Kasta opp i lufta som ein ulldott. Kvesta, øydelagt, og drepen.

Alle dei andre – dei kom seg trygt og sikkert heim, og fekk leve.

Kva gjorde dette med dei som vart berga? Korleis var situasjonen og kvardagen i det «nye livet» dei fekk i gåve?

Dei vart alle sett i gjeld, til mannen si familie og slekt. Ei gjeld knytt til takksemd for livet, og til hender som ville tene og hjelpe dei attlevanda.

Det er bibelske dimensjonar over hendinga i den vesle landsbyen i Tanzania. Her møter me Guds Son, «som elska meg og gav seg sjølv for meg.»

Kva gjorde dette med ein av dei som vart berga, apostelen Paulus? - «Grekarar og barbarar, lærde og ulærde – alle står eg i gjeld til. Difor er det eg ønskjer å forkynna evangeliet...»

Ei slik gjeld har sine daglege avdrag, og dei er knytt til eit liv for Kristus og ei teneste for våre medmenneske. Avdraga vert betalte gjennom å forkynna evangeliet til forlating for synder og nytt liv ved Jesu død og blod på krossen.

Kvart frikjøpt menneske, kvar kvinne og mann i Kristus, står i gjeld til å vitna, forkynna og læra om han som «gav seg sjølv for meg» til «grekarar og barbarar». Står i gjeld til kvart menneske skapt av Gud, frå kvar stamme, tungemål og folkeslag.

Hensikt og mål med livet vårt her, er at alle må få møta Jesus og læra han å kjenne gjennom vitnemålet som me ber fram i liv og ord.

Denne gjelda er di, og den kan ingen sletta.

Powered by Labrador CMS