Frispark

BARNEVERN: Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) før presskonferansen der ho mottok rapporten frå og anbefalingene fra Barnevernsutvalet i 2023.

Barnevern – vårt felles ansvar

Publisert

«I løpet av tre år måtte eg flytte til saman 20 gangar mellom 15 ulike stader. Mange av flyttingane var frå akutt til akutt, fordi det var ikkje ledig nokon annan stad. Etter kvart levde eg i konstant frykt for å flytte.»

Dette er ei historie fortalt av ein ungdom med erfaring frå barneverninstitusjon. La oss kall han Thomas.

Det er i underkant av 1.000 barn som l ein kvar tid bur på barneverninstitusjon. Dei fleste er i tenåra, som Thomas. Desse barna treng at vi som samfunn strekker oss så langt vi kan for å gi dei stabile og trygge omsorgsrammer.

Thomas opplevde ikkje tryggheit og stabilitet. Han opplevde det motsette.

Systemskapte utfordringar gjer at hjelpa ikkje strekker til. Sjølv om mange barn kan møte gode fagpersonar og får trygg hjelp på institusjon, er det for mange som opplever hyppige flyttingar og behandlingsbrot. I mens blir utfordringane og livssituasjonen deira stadig vanskelegare.

Helsetilsynet sin gjennomgang av dødsfall knytt til barneverninstitusjonar, og tilsynsrapporten om tvillingane Mina og Mille, viser oss kor galt det kan gå. Det kviler eit tungt ansvar på det offentlege når vi overtar den daglege omsorga for eit barn.

Regjeringa oppnemnte i juni 2022 Barneverninstitusjonsutvalet. Utvalet hadde som mandat å vurdere kva oppgåver, rammer og omfang framtidas institusjonsbarnevern skal ha.

Utvalet fremma sin rapport i fjor haust og eit samla utval foreslo 50 tiltak for å styrke tilbodet til barn og unge på institusjon.

Forslaga omfattar blant anna å sikre tverrfagleg kartlegging av behov og ressursar for alle barn som skal flytte til institusjon, ein ny og meir fleksibel innretting av institusjonsbarnevernet, som reduserer flytting og gir barna tilbod i eigen region, eigne helseteam til alle barneverninstitusjonar, gi barn gode helse- og skuletilbod medan dei er på institusjo, og styrking av kommunale butiltak.

Regjeringa la nyleg fram vår strategi for ein ny retning for barnevernets institusjonstilbod, basert på utvalet sine forslag. I strategien er vi tydelege på at vi også må gjere meir for å forebygge rusbruk på institusjon.

NRK Brennpunkt sitt program «Instukids» har vist oss kvifor. Narkotika er i dag ekstremt lett tilgjengeleg. Stoff blir levert «på døra», og kan enkelt bestillast gjennom sosiale media.

Ingen vil klare å gi god hjelp utan å snakke med og forstå dei ein skal hjelpe.

Også av svært unge barn. Dette reflekterer ikkje berre eit svært problem i barnevernet. Det reflekterer også rus som ein stor og aukande samfunnsutfordring.

Barn på institusjon treng det same som alle andre barn. Dei treng å føle seg trygge, forstått og verdsett. Dei treng omsorg, og grensesetting når det er nødvendig.

Samtidig treng mange av barna mykje meir. Dei treng heilskapleg, koordinert og tilpassa hjelp frå kommunale og statlege tenester som barnevern, helse, utdanning og i nokre tilfelle justissektoren. Og dei i treng vern mot narkotika

Dei treng også at deira familie og private nettverk blir sett i stand til å gi dei den støtta dei treng. Løysinga ligg ikkje i berre ein sektor. Vi er mange som må delta i laga rundt desse borna og familiane deira for at dei skal få den hjelpa dei treng.

Ingen vil klare å gi god hjelp utan å snakke med og forstå dei ein skal hjelpe. Eg er stolt over at regjeringa oppnemnde eit eige ungdomsutval for å sikre reell medverknad i ei offentleg utgreiing.

Barneverninstitusjonsutvalets ungdomsutval har lært oss at institusjonar opplevast tryggare, hjelpa blir nyttigare og barna føler seg meir verdsett dersom dei blir lytta til og samarbeida med.

Dei har lært oss at vi må fokusere på ressursane til barn som bur på institusjon, og ikkje berre på det problematiske. Då oppfattar barnet seg sjølv som eit problem også.

Barnevernet er ein sentral og viktig del av velferdssamfunnet vårt. Barn og unge som treng det, slik som Thomas, skal få hjelp, omsorg og beskyttelse og oppleve ro og normalitet.

Barneverninstitusjonar er ikkje eit tilbod for dei mange, men for dei mest utsette som treng meir. For desse må vi saman lykkast betre med hjelpa enn vi gjer i dag.

Powered by Labrador CMS