Debatt
ALKOHOLFRI BÅTTUR: Alle som ferdast på sjøen kan vere utsette for farar, og det er derfor best om alle er edruelege og mest mogleg aktsame, skriv innsendarane.
Vidar Ruud / NTB
Båtferie utan alkohol
Det er sommar og ferietid. For mange er gode sommaropplevingar knytt til båtferie. Kvart år skjer det ulykker i samband med båtbruk i ferien, og ofte er alkohol medverkande til uhell.
Det er promillegrense for båtførarane, men all bruk av alkohol verkar sløvande. Det er derfor best om båtførarane er alkoholfrie. Det gjev best aktsemd. På sjøen kan det lett skje ulykker som skuldast vêr og vind, eller andre sjøfarande.
Alle som ferdast på sjøen kan vere utsette for farar, og det er derfor best om alle er edruelege og mest mogleg aktsame. All bruk av alkohol – òg i små mengder – er sløvande. IOGT rår derfor til at alle sjøfarande tek båtturane utan alkohol.