For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Debatt

FORBØN: Gje dei kristne lærarane og dei kristne friskulane ein god skulestart gjennom ekstra forbøn, oppfordrar Johannes Kleppa.

Be for kristne lærarar og kristne friskular

I den kristne friskulen er det eit vidare rom for den kristne læraren enn i den offentlege skulen, fordi her ligg rammevilkåra til rette for å formidla kristen tru og tanke.

Publisert Sist oppdatert

Det kjem stadig angrep på kristne friskular, og det oppstår stadig debatt om deira plass i det norske skulestellet. Dette er utfordrande og det tek tid og krefter i Friskule-Noreg, men det er noko ein i stor grad har lært seg å leva med.

Det som nok for tida er vanskelegare, er den økonomiske utfordringa friskulane står overfor. Det har med støtteordninga å gjera, og det at regjeringa brukar økonomimakt mot desse skulane så godt dei kan. Dette har gjort at fleire skular går på sparebluss for tida, og at eigarane har måtta gå inn med store summar for å halda drifta oppe. Dette gjer det vanskeleg å ha ei offensiv haldning på friskulesektoren, men heldigvis vert det starta nokre nye kristne skular og eksisterande skular får nye og moderne lokalitetar.

Det mest avgjerande for at kristne skular skal ha livets rett og med det få gjera si store samfunns- og misjonsoppgåve, er at kristenfolket sender borna sine dit. Som eg har skrive før, er det for meg ufatteleg at ikkje fleire nyttar seg av denne hjelpa til å bevara dei unge hjå Jesus og gje dei kristen opplæring som formar livet etter bibelske ideal. Det burde vore lange ventelister ved dei kristne friskulane og stort trykk for å få etablert slik der dette alternativet manglar.

Powered by Labrador CMS