Meninger

Marit Hårklau Ådnanes, dagleg leiar i Indremisjonssamskipnaden, framfor Leirvik bedehus på Stord

Bedehuset – ein stad for godversdagar?

Publisert Sist oppdatert

Temaet omkring sorgarbeid på bedehuset har vore oppe som tema i det siste. Temaet trefte meg, og det er tid for å samtala meir om dette. I ein leiar i Dagen vart det sagt at «ingen er tent med at bedehuset fungerer som eit fellesskap for godversdagar».

Rett nok er det ulikt korleis sorgarbeidet på dei ulike bedehusa fungerer. Det er mange gode eksempel på diakonalt arbeid, men fleire stader er det gjerne meir etter enkeltmenneske sitt initiativ enn at det er initiert frå leiinga. Generelt har bedehusbevegelsen eit utviklingsområde på sorgarbeid.

Litt nysgjerrig har eg sett igjennom ImF si bedehushandbok på temaet. Sjølv om det er tid for revidering på fleire område, er den framleis aktuell. Den har relevante kapittel om gravferd og diakoni mellom anna. «Indremisjonen bør velge ut noen til å ha ansvar for diakoniarbeidet», står det. Så er det likevel ofte sprik mellom ønska situasjon og tilgjengelege ressursar.

Korleis skal ein dekka nødvendige behov for alle fasar i livet?

Kva tenester ein skal tilby, heng også saman med kva fellesskap ein ynskjer å vera. No kjem eg inn på eit kjenslevart tema. Like fullt trur eg fleire fellesskap treng å samtala ope om dette. Skal fellesskapet vera eit supplement til kyrkja, eller skal ein i større grad ta omsyn til behov frå enkeltmenneske som definerer bedehuset som sin åndelege heim?

Dette gjeld ikkje berre i forhold til sorgarbeid, men også i forhold til dåp, trusopplæring, spørsmål om åndeleg leiarskap med meir.

I kor stor grad menneske kanaliserer gåver og menneskelege ressursar inn mot forsamlinga, heng også saman med kor relevant ein opplever fellesskapet inn mot eigen situasjon. Me kan lika det eller ikkje, men mange – og gjerne yngre menneske – ynskjer «alt under eitt tak». Mange bedehusforsamlingar har ikkje eigne tilsette.

Sjølv om det vert utført mykje godt frivillig arbeid, er det ikkje å forventa at lokale leiarar – som gjerne er i full jobb – i tillegg skal ha ressursar og nødvendig erfaring/kompetanse til sorgarbeid. Dessverre, dette er ein realitetsorientering. Spørsmålet er like fullt; kva kan me gjera med dette?

Eg er undervegs med mine tankar. At temaet blir sett på dagsorden er eit skritt i rett retning. Eg oppmodar lokalt leiarskap om å ta dette opp i sine samanhengar. Kva fellesskap ynskjer ein å vera, og korleis skal ein dekka nødvendige behov for alle fasar i livet? Me treng å vera ærlege på livet, både med det som er godt og det som er vondt. Me skal kunne koma til forsamlinga med heile oss.

Powered by Labrador CMS