For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Debatt

KREV SVAR: Stefanusalliansen, ved Johannes Morken, har også tidlegare bede styresmaktene om svar utan å få det: Kva seier Noreg til India om haldninga til minoritetar når dei inngår handelsavtalar? På biletet: Utanriksminister Espen Barth Eide.

Ber utanriksminister og bistandsminister svara: Kva seier Noreg til India om hat og vald mot religiøse minoritetar?

Dramatisk vekst i dokumentert vald mot kristne varslar ille like før ein knapp milliard indarar går til val. Landet er i praksis blitt ein hindustat.

Publisert Sist oppdatert

Ein alarmerande rapport kom på bordet mitt like før eg skulle ta påskeferie. For medan vi her heime kunne venta oss ei fredeleg påsketid, opplever kristne i India ei tid der ekstremistar gjerne ser som høgtid for hatprat og vald mot nettopp kristne.

Rapporten bør få oss til å vakna: På eitt år har talet på dokumenterte valdelege angrep på kristne i India stige med nesten 50 prosent – frå 423 i 2022 til 601 i fjor, ifølgje rapporten som kjem frå Evangelical Fellowship of India (EFI), ein paraplyorganisasjon for evangelikale kyrkjer.

Rapporten fortel også om sterk vekst i hatprat. Hatet blir ikkje, ifølgje rapporten, imøtegått av styresmaktene. Tvertimot: Det synest som at hatet vert akseptert og at samfunnet blir meir og meir immunt mot hat og mot valdelege angrep mot kristne – og mot muslimar.

Powered by Labrador CMS