Debatt
Geir Inge Lien, Senterpartiet, Møre og Romsdal
Stortinget
Betre pasientreiser med lokalkunnskap
Pasientreiseordninga har vorte for tung og byråkratisk. Dagleg vert pasientar på veg til helsetenester råka av dette. Me skal stake ut ein ny kurs for ordninga, for å sikre likeverdige helsetenester i heile Noreg.
Som tidlegare ordførarar er me godt kjent med dei lokale utfordringane med dagens pasientreiseordning. Transportørar som ikkje møter til avtalt tid, har for mange om bord i køyretøyet eller ikkje har tilpassa køyretøy for til dømes personar med hjelpemiddel og rullestol.
Eit einsidig fokus på lågast mogleg pris, og ikkje kvalitet, gjere kvardagen for enkelte pasientar uhaldbar. Lokal tilknyting og lokal kunnskap vert utkonkurrert til fordel for pris. Me meiner at me ikkje må spare oss til fant og sette marknadstenking over pasientar.