Debatt
BIBELEN: Bibelen er i strid med seg sjølv, spør Vidar Sætre.
Bjørn Olav Hammerstad
Bibelen er i strid med seg sjølv
I sitt tilsvar 2/2 på min kritikk 11/1 nekta John Daniel Andersen for at påstandane mine om motsetnader i Bibelen, var vesentlege. Men han unnlét å visa kvifor, noko som tyder på at han manglar gode argument.
I alle fall vil eg utdjupa mine fire døme på motsetnader, relatert til hans 6. indisium:
a) Joh 8,39 kontra Gal 3,7 om Abraham sine born: I Joh 8,39, som i Matt 7,16–27, lærer Jesus at trua må visa seg i gode frukter, for å koma inn i himmelriket. Medan Gal 3,1–9 lærer velsigning med Abraham uansett livsførsel og haldninga til bodet i 1.Mos 17.