Debatt

EKTESKAP: Der Bibelen talar om ekteskapet, er det alltid, utan unntak, mellom ein mann og ei kvinne det talast, skriv Oddvar Høgevoll.

Bibelens omtale av ekteskap gjelder uten unntak mann og kvinne

Publisert Sist oppdatert

Anerkjenner Bibelen likekjønna «ekteskap» på linje med ekteskap mellom éin mann og éi kvinne? Simon Stisen stiller i Dagen spørsmål til konservative kristne. Han avsluttar sitt innlegg slik: «Jeg tror menneskelig seksualdrift trenger rammer. Hvilke rammer skal gjelde for en kristen homofil som ikke ser det som ‹en gave› å leve alene, og som ‹brenner av begjær›. Det synes jeg flere bør svare bedre på», konkluderer Stisen.

Ja, kva for rammer skal gjelde «for en kristen homofil»?

For meg melder det seg då eit aktuelt spørsmål. Tenkjer Bibelen om likekjønna ekteskap, på same måten som ekteskap mellom ein mann og kvinne?

Det kan ikkje eg sjå. Der Bibelen talar om ekteskapet, er det alltid, utan unntak, mellom ein mann og ei kvinne det talast. Utan unntak. Difor meiner eg det er irrelevant å tala om «ekteskap» mellom likekjønna. Bibelen har altså, slik eg ser, ikkje ord eller råd til likekjønna som ønskjer å «gifta» seg. Eller det problemet som Stisen lyfter fram; som ikkje ser det som «en gave» å leve alene, og som «brenner av begjær».

Så den einaste «ramme» for ein kristen med homoseksuelle kjensler, er å leva i sølibat. Det same som single heterofile, menn og kvinner, blir formana til.

Powered by Labrador CMS