Meninger
Bibellesinga må halda fram!
Eg blir stadig forundra over såkalla kristne leiarar som undergrev tilliten til Bibelen og seier at ein ikkje treng å lesa Bibelen for å vera ein kristen. No veit eg jo sjølvsagt at det ikkje er bibellesinga som gjer oss til kristne, men trua på Guds Son, Jesus Kristus vår frelsar og forsonar.
Apostelen Paulus siterer frå profeten Jesaja og seier: «Så kjem då trua av bodskapen ein høyrer, og bodskapen kjem, ved Kristi ord.» Om ikkje trua vår kjem frå den profetiske og apostoliske bodskapen i Bibelen, kan det då vera ei kristen tru?
Trua kjem av å høyra eller lesa Guds ord. Anden fører oss alltid til Ordet. Vi blir født på ny ved det levande Guds ord som alltid varer ved. Som nyfødde barn lengtar vi etter den reine mjølka som Ordet er, så vi ved Guds ord kan veksa til frelse.
Jesus siterte 5 Mosebok og sa at mennesket ikkje lever av brød åleine, men av kvart ord som går ut av Guds munn.
Paulus sa at kvar bok i Skrifta er innånda av Gud og er til nytte i opplæring, formaning, rettleiing og oppseding i rettferd, så det mennesket som høyrer Gud til, kan bli fullt utrusta til all god gjerning. Dei heilage skriftene gjer oss vise til frelse ved trua på Jesus Kristus.
Det er trist og det er lite visdom når prestar, biskopar og teologiprofessorar sår tvil om Bibelen.
Madhu frå India kom til tru ved å høyra forkynning om Jesus. Ho var analfabet og kunne ikkje lesa, men ho fekk ei sterk trong til å kunna ta til seg Guds ord. Ho fekk tak i ein bibel og bad inderleg til Gud om hjelp til å kunna lesa Bibelen på hindi. Gud gjorde eit under for henne. Han opna Skrifta for henne slik at ho kunne lesa og forstå Bibelen, men ho kunne ikkje lesa andre skrifter.
Eg gløymer aldri den gleda ho utstrålte då ho las frå Bibelen og vitna om Guds under. Ho fann Guds ord og vart fylt av glede. Seinare lærte ho også å lesa andre bøker, men inga bok gav slik glede og innsikt som Bibelen gav henne.
Det er trist og det er lite visdom når prestar, biskopar og teologiprofessorar sår tvil om Bibelen. Då er det betre å gjera som salmisten gjer i Salme 119. Han gleder seg over Guds ord og prisar Herren for alle velsigningane han finn i Ordet frå Gud. Han er ivrig og uthaldande i å forstå og leva etter Guds ord. Han lærer Ordet utanåt. Han grundar på Ordet. Han lengtar etter Ordet. Han ventar på Ordet. Han let Ordet styra livet og oppførselen. Han finn håp og fred når han let seg leia av Ordet.
Eg trur at Salme 119 er svært viktig for alle kristne i denne tida. Denne Salmen viser oss ein god måte å leva på: å ha fokus på Guds ord! Det er nemleg slik at Guds ord er vår rikaste skatt og vil gje oss eit rikt og spennande liv.
Fedrane våre lærte oss at Bibelen er vårt dyraste arvegods og vi må læra kommande slekter å verdsetja Guds ord.