Bibelomsetjing skapar furore
Ei ny indisk bibelomsetjing refererer til hinduistiske skrifter som Bhagavad Gita.
Avisa The Times of India melder om ei ny bibelomsetjing med sterke indiske karakteristika. Dei tradisjonelle hinduistiske skriftene Bhagavad Gita, Upanishads og Manusmriti vert henvist til for Œ forklara bibelvers. I tillegg er illustrasjonane henta frŒ indisk kunst, og Josef er dermed kledd i turban og jomfru Maria i den tradisjonelle klesdrakta sari. Bibelen er utgitt av den katolske kyrkja i landet, som forsvarar tankegangen bak bibelomsetjinga.
Ð SŒ langt det stŒr til katolikkane, sŒ mŒ dei leva og tolka deira kristne tru og skrifter innan rammene for ein gitt kultur. SŒ dei mŒ forstŒ og tolka kulturen, sa den katolske talsmannen Fader Paul Thelekat.
Bibelen og Bhagavad Gita
Av dei meir omstridte delane av bibelomsetjinga er nŒr Jesu bod om ikkje Œ samla skattar i himmelen blir forklart med det hinduistiske uttrykket «Lat arbeidet i seg sj¿lv vera ditt rette gjeremŒl, aldri fruktene som kan koma ut av det», som ein finn i Bhagavad Gita.
Omsetjinga har m¿tt motstand frŒ protestantar og andre kristne grupper i India, dŒ dei meiner ho avsporar frŒ den bibelske sanninga.
Ð fŒ omsetjinga til Œ sjŒ «indisk» ut, med referansar til hinduistiske skrifter og store poetar, vil ikkje f¿ra folk til sanninga. Dette er Œ venda ryggen til den verkelege Bibelen, sa den protestantiske pastoren Vijay Thomas til Christiantoday.
Den katolske erkebispen i Bombay, Oswald Gracias, meinte pŒ si side at «ein Bibel laga i India, for indarar» ville gjera Guds ord lettare tilgjengeleg for millionar av menneske.
DM