OPENBERRING: Skal det argumenterast for død før syndefallet, altså død frå starten av, som ligg som eit premiss i evolusjonslæra, må det kristent sett gjerast ut frå Guds ord, skriv Johannes Kleppa. FOTO: Håkon Mosvold Larsen, NTB scanpix

Bibeltruskap og død før syndefallet

Det som skjer i na­tu­ren er uskilje­leg knytt til den straf­fa som kom over men­nes­ket ved synde­fal­let. End­rin­ga i na­tu­ren er ra­di­kal og ka­ta­stro­fal både for na­tu­ren og men­nes­ket, skriv Johannes Kleppa.

Publisert Sist oppdatert

I Dagen 20. mai sva­rar Jon Kval­bein på min kom­men­tar til hans vur­de­ring av bok «Ska­pel­se og/eller evo­lu­sjon - hva sier Bi­be­len».

Kval­beins svar er greitt og opp­ly­san­de, og hans un­der­stre­king av at Adam og Eva var his­to­ris­ke per­son­ar, og at synde­fal­let er ei his­to­risk hen­ding, er vik­tig.

Det er her det store spørs­må­let om bi­bel­tru­skap står. Det er to mo­ment eg vil kom­men­te­ra i det Kval­bein no skriv.

Det førs­te gjeld vur­de­rin­ga av boka med tanke på krav til bi­bel­tru­skap. Etter å sett gjen­nom boka på nytt mei­ner eg fram­leis Kval­bein fram­stil­ler dette skeivt.

Det kan godt vera at for­fat­ta­ra­ne kjem med «uri­me­li­ge på­stan­der», men eg kan ikkje sjå at dei å så fall gjer desse til «test på bi­bel­tro­skap».

Sjølv­sagt hev­dar dei at deira fram­stil­ling er den rette ut frå Guds ord, men dei gjer ikkje si tol­king og si opp­fat­ning av na­tur­vit­ska­pen til test på bi­bel­tru­skap.

Dei tek opp mange og ulike spørs­målstil­lin­gar av teo­lo­gisk og na­tur­vit­skap­leg ka­rak­ter. Det gjer dei ved at dei først rei­ser spørs­må­let «Hva er pro­ble­met?», og der­etter kjem med «Løs­nings­for­slag».

For­sla­ga til løy­sin­gar er nokre gon­ger nokså av­klar­te, medan andre gon­ger gjev dei al­ter­na­tiv for­slag.

Det er rett at dei ofte kjem med for­slag på vit­skaps­om­rå­det som bryt med den «nor­ma­le» na­tur­vit­skaps­le­ge opp­fat­nin­ga, men dei har ikkje «kon­stru­ert sin egen» na­tur­vit­skap. Dei byg­gjer på kom­pe­ten­te vit­skaps­menn som har lan­sert al­ter­na­ti­ve teori­ar til det rå­dan­de.

Det er fullt mog­leg å vera usamd både i pro­blem­stil­lin­ga og løy­sings­for­sla­ga, men eg mei­ner det er urett mot for­fat­ta­ra­ne å hevda at dei stil­ler uri­me­le­ge bi­bel­tru­skaps­krav.

Difor dreg eg mi lanse til for­svar for dei unge for­fat­ta­ra­ne! Eg sy­nest dei har kome med eit friskt inn­spel til al­ter­na­ti­ve ten­kje­må­tar na­tur­vit­skap­leg, og at dei viser stor vilje til å ta Bi­be­lens ord­lyd og ka­rak­ter på alvor.

Det andre gjeld spørs­må­let om død i dyre­ver­da før synde­fal­let. Carl Fr. Wis­løff drøf­ter ikkje dette spørs­må­let i «Jeg vet på hvem jeg tror».

I mi ut­gå­ve frå 1975 for­sva­rer han hel­ler ikkje pe­riode­ten­kin­ga når de gjeld ska­pings­da­ga­ne. Han seier ho «kan kan­skje ha en kjer­ne av sann­het», men at pe­riode­hy­po­te­sen helst ver­kar som «en nød­ut­vei» for å koma til rette med da­gens vit­skap­le­ge opp­fat­tin­gar.

Han legg vekt på at ska­pings­for­tel­jin­ga er til­bake­sku­an­de pro­fe­ti, og tol­kar henne i sam­svar med det. Då kjem ein til rette med ho­vud­saka i teks­ten som open­ber­ring, og med det som lære­tekst.

Av dei teo­lo­ga­ne Kval­bein nem­ner, er det Aksel Va­len-Send­stad som i den store dog­ma­tik­ken «Tro­ens fun­da­men­ter» ver­ke­leg går inn på spørs­må­let om død før synde­fal­let, og då ut frå bi­belsk røyn­doms­for­stå­ing (on­to­lo­gi).

Han er svært ty­de­leg på at dette spørs­må­let berre kan av­gje­rast ut frå open­ber­rin­ga i Bi­be­len, og denne seier at all død og for­gjen­ge­leg­dom kom ved synde­fal­let.

Det som skjer i na­tu­ren er uskilje­leg knytt til den straf­fa som kom over men­nes­ket ved synde­fal­let. End­rin­ga i na­tu­ren er ra­di­kal og ka­ta­stro­fal både for na­tu­ren og men­nes­ket.

Med tanke på for­hol­det til na­tur­vit­ska­pen skriv Va­len-Send­stad, som var eks­pert på vit­skaps­te­ori i kris­tent lys, om den ka­ta­stro­fa­le end­rin­ga som skjed­de ved synde­fal­let: «Denne for­and­ring kan ikke vi­ten­ska­pen gjen­nom­skue på em­pi­risk basis. Det som er til­gjen­ge­lig for er­fa­ring og vi­ten­skap, er nem­lig alene det for­and­re­de.»

Og: «Det må så­le­des ses som et ra­di­kalt feil­grep når teo­lo­gi­en i nyere tid (fra opp­lys­nings­ti­den av) ofte har gitt seg ut på å for­kla­re det fore­lig­gen­de som det opp­rin­ne­li­ge på vi­ten­ska­pens im­ma­nen­te pre­mis­ser.» Dette mei­ner eg er svært vik­tig med tanke på kris­ten ten­king om ska­ping og evo­lu­sjon.

«At ingen dyr døde før for cirka 6000 år sidan er klart i strid med na­tur­vi­ten­skap­lig viten,» skriv Kval­bein. Det stem­mer nok, men det er er ikkje eit teo­lo­gisk gyl­dig ar­gu­ment.

Tids­rom­met spe­lar her ei un­der­ord­na rolle. Skal det ar­gu­men­te­rast for død før synde­fal­let, altså død frå star­ten av, som ligg som eit pre­miss i evo­lu­sjons­læra, må det kris­tent sett gje­rast ut frå Guds ord.

Det trur eg skal verta vans­ke­leg. Ar­gu­men­ta­sjons­må­ten er her ein ty­de­le­ga­re test på bi­bel­tru­ska­pen enn kon­klu­sjo­nen.

Skapelse/evolusjonJohannes KleppaBergen

Powered by Labrador CMS