Bibeltruskap, skaping og evolusjon
Det må vera rom for å tolka detaljane i skapingsforteljinga noko ulikt, særleg med tanke på kva konsekvensar det har for naturvitskapen, skriv Johannes Kleppa.
I Dagen 12. mai skriv Jon Kvalbein ein kronikk med tittelen «Tidsrom - test på bibeltroskap?». Her går han i rette med ung-jord-kreasjonismen, og då særleg boka «Skapelse og/eller evolusjon - hva sier Bibelen».
Han fryktar at framstillinga i denne boka kan tvinga unge til å «velge vitenskap framfor tro», og at ein her «oppretter en ny og kraftødeleggende frontlinje mellom bibeltroende kristne».
Eg oppfattar dette nokså annleis, og meiner heller det er angrepet på ung-jord-kreasjonismen som opprettar unødige skiljeliner, og som fører til at unge får for sterk tiltru til dagens naturvitskap. Jon Kvalbein er min gode ven, og normalt er eg samd med han, men i spørsmålet om skapinga ser vi ulikt på nokre spørmål.
Den nemnde boka melde eg for litt sidan positivt her i Dagen, og Kvalbeins kronikk er nesten som ei «motmelding» til det eg skreiv. Eg vil difor gje nokre kommentar til Kvalbeins argumentasjon.
Bibelens forrang
Kvalbein spør om «tidsrom» er test på bibeltruskap. Svaret er nei. Det som er testspørsmålet, er om ein les Bibelens ord etter sin ordlyd, sin intensjon og sitt innhald.
Då må ein ta på alvor tekstens litterære karakter og samanheng, og vi må ta på alvor korleis Skrifta sjølv brukar og tolkar teksten i andre samanhengar.
Med tanke på skapinga vil det også vera ein test på bibeltruskapen om ein let bibelordet ha forrang framfor naturvitskapen, då ut frå at teksten er tolk i samsvar med sin eigenart.
Testen på bibeltruskap i dette spørsmålet vert særleg aktualisert på at vi tek historisiteten på alvor i skapingsforteljinga, syndefallet og i urhistoria generelt.
Dette inneber at vi reknar Adam og Eva som dei to første menneska, og at dei er stamforeldre til heile menneskeslekta og definerer mennesket ved at det er skapt i Guds bilete.
Det inneber også at vi tek på alvor Bibelens ord på dei ulike skapingsdagane og som sum «og Guds såg det var godt». Det vil seia at det ikkje var død eller noko forgjengelegdom i skaparverket frå Skaparens hand.
Døden kom ved syndefallet og trengde gjennom til alle menneske (Rom 5.12ff), og at jorda (inkludert naturen) vart lagt under forbanning ved syndefallet, slik at heile skaparverket vart «lagd under forgjengelegdom» ved Adams fall (1 Mos 3,17ff; Rom 8,20ff).
Dette er viktig fordi det står i samanheng med Jesu frelsesverk for menneskeslekta, og i samanheng med at den syndeforderva jorda skal gå under og det skal stiga fram eit nytt univers med ei ny jord som bustad for Gud og Guds folk.
Også forteljinga om Noah og storflaumen er viktig i denne samanhengen, fordi Noah-pakta er ei pakt med heile skaparverket, og peikar fram mot oppfyllinga i Kristus og den nye jorda.
Ikkje på barrikadane
Det er denne typen spørsmål bibeltruskapen må testast på når det gjeld skaping og evolusjon, ikkje forholdet til naturvitskapen.
Ung-jord-kreasjonistar finn at skaping på seks dagar a 24 timar og for omtrent 6.000 år sidan svarar best til å ta historisiteten i urhistoria og konsekvensane av skapinga, syndefallet og storflaumen på alvor, altså at truskap mot Bibelen fører til det resultatet.
Det har eg stor sans for, sjølv om eg ikkje vil gå på barrikadane for ung-jord-tenkjinga. Eg vil ta høgde for at Gud ikkje har openberra alt for oss, eller at vi kan lesa skapingsforteljinga og slektstavlene på feil måte. Det er forskjell på bibelforplikting og bibeltolking.
Guds bok?
Det er hevda at naturen er Guds bok, og Kvalbein skriv at naturen er «en bok om Skaperen». Han hevdar også at den naturen forskarar undersøkjer «er den samme som den naturen som er omtalt som Guds skaperverk i Bibelen».
Det kan ikkje vera rett, i alle fall ikkje heile sanninga sjølv om dette stadig vert hevda med tanke på å gje naturvitskapen og resultata av denne kristen legitimitet.
Naturen er Guds bok, men det er samstundes syndefallets bok, dødens bok, foregjengelegdomens bok og storflaumens bok. Ved å studera naturen lærer vi ikkje berre Gud å kjenna, men synda, døden, forgjengelegdomen og alle konsekvensane av syndefallet og storflaumen.
Det er umogleg for naturvitskapen å studera naturen som han var straks etter skapinga, då Gud erklærte alt som «overlag godt». Vi må studera den naturen som er skapt av Gud, men underlagt forbanning ved syndefallet.
Fallets konsekvensar
Vi veit ikkje så nøye kva syndefallet og storflaumen førte med seg for naturen, men noko veit vi. I tillegg til det vi veit, må vi reint prinsipielt ta på alvor at det har skjedd endringar i naturen som har konsekvensar for naturvitskapen, og kva denne kan finna ut av i høve til Guds opprinnelege skaparverk.
Vi veit til dømes at mennesket og alt som hadde «livsande i seg» frå starten var vegetarianarar, men at etter storflaumen fekk mennesket eta «alt som rører seg og lever».
Det må ha hatt store konsekvensar for dyreverda og bruken av naturen. Vi veit også at frå starten regna det ikkje, men at «ei skodde steig opp or marka» og vatna jorda.
Då det byrja å regna, må det ha hatt konsekvensar for naturen. Vi veit også at ved storflaumen «brast alle kjeldene i det store djupet og himmelslusene vart opna».
Det må ha hatt store konsekvensar for naturen, kanskje særleg for klimaet, for fjellformasjonar, jordas ytre form og dyra sine livsvilkår. Alt dette må den bibelforplikta ta på alvor i sitt naturvitskaplege arbeid, særleg i føresetnaden for dette og i tolkingane av det.
Skiftande vitskap
Kvalbein spør kor vatnet kom frå ved storflaumen. Det har altså Bibelen svart på. Det kan vera meir utfordrande kor det vart av! Det veit vi ikkje, men Gud som skapte ut av ingen ting, kunne vel også føra det skapte tilbake til ingen ting, om han ikkje valde å plassera vatnet ein eller annan stad i skaparverket.
Eit godt døme på at naturvitskapen stadig endrar seg, er geologien. I den svært interessante boka «Bergtatt» opplyser geolog Henrik Svensen at for omtrent 40 år sidan vart det ei total endring i forståinga av korleis fjella har vorte til.
Geologane gjekk over til ein ny teori, «den platetektoniske revolusjon», som seier at fjell er uttrykk for «kollisjonskader» ved at kontinent i drift traff kvarandre. Himalaya fekk sin start for 35-55 millionar år sidan og er på sitt høgaste no.
Dessutan skal det som del av Den kaledonske fjellkjeda, som starta for 500 millionar år sidan, vore over 8000 meter høge fjell rett vest for Bergen.
Der er det som kjent hav no, men på den tida låg Noreg ved 20-30 grader sørleg breidde. Den naturvitskaplege trua er sterk, men skiftande!
Problematiske periodar
Det må vera rom for å tolka detaljane i skapingsforteljinga noko ulikt, særleg med tanke på kva konsekvensar det har for naturvitskapen.
Personleg er eg ut frå ordet for å skapa, ordet for dag, måten skapingsforteljinga er bygd opp på og måten ho vert referert til andre stader i Bibelen, overtydd om at det dreier det seg om vanlege dagar. Andre vil tolka det som lange periodar, særleg om ein held det saman med naturvitskapen.
Det store problemet er då å halda fast på historisiteten og det absolutte i skapinga og syndefallet. I sin kommentar til 1. Mosebok understrekar tidlegare GT-lærar ved NLA, Leif M. Michelsen, kor viktig det er å hald fast på det faktiske, det reelle i det som er fortalt.
Ut frå tekstens karakter og oppbygging avviser han kategorisk periodetenkjinga, og forstår denne som ein «ulykksalig trang» til få det til å «stemme» med vitskapen. Han seier skjemaet er uttrykk for vanlege dagar, men han tolkar teksten ut frå at det dreier seg om ei læreforteljing.
For kategorisk
Eg synest altså Jon Kvalbein vert for kategorisk på fleire punkt i sin kritikk av ung-jord-kreasjonismen, og at den bibelske skapingslæra ikkje vert tydeleg nok utfalda etter Bibelens eigne opplysningar. Kvalbein har lenge teke eit sterkt oppgjer med den ateistiske evolusjonslæra.
Poenget mitt her er at vi må ta Bibelens faktisk ordlyd og opplysningar på alvor i møte med all naturvitskap.