Bibeltruskap
Det ser ut til at Bibeltruskapen er på vikande front i kristenfolket i landet vårt. Utviklinga på Menighetsfakultetet viser dette svært tydeleg, men me ser den same tendensen også ved frikyrkjelege studiestadar.
Det er underleg når ein kjend frikyrkjeleg professor problematiserer bibeltruskap med å fastslå at bibeltekstar motseier kvarandre.
Han seier at det som er regel ein stad er forbode ein annan stad. Han slår fast at jus og teologi endrar seg over tid, og aksentuerast forskjellig i ulike bibelbøker, teologiske tema blir brukt i stadig nye situasjonar med stadig nye aspekt, som ikkje alltid er avpassa mot kvarandre.
Han gjev inga døme på desse påstandane, og me sit att med inntrykket av at han meiner at Bibelen motseier seg sjølv og det er vanskeleg å slå fast kva Bibelen seier. Difor kan bibeltruskap bety mange ting for professoren.
Jesus og apostlane hadde ei mykje enklare tilnærming til Bibelen.
Jesus sa at heile Skrifta vitna om han.
Apostlane sa at heile Skrifta var innanda av Gud og at det var Gud som talte gjennom dei profetiske skriftene.
Jesus møtte djevelen med desse orda: Det står skrive!
Skrifta kan ikkje setjast ut av kraft, seier han ein annan stad.
Apostlane brukte Skrifta til å forkynna evangeliet og å undervisa i den sunne lære.
Det er med stort frimod me påstår at Bibelen er Guds ord, for det er slik Bibelen vitnar om seg sjølv. I Det gamle testamente talte Gud på mange måtar gjennom profetane. No taler han til oss gjennom Sonen. Den raude tråden gjennom heile Bibelen er Guds frelseplan i Jesus Kristus. Det gamle testamente må lesast i lys av Det nye testamentet som gjev oss del i Jesu apostoliske lær.
Evangeliet er godt nytt om Guds rike. Gud elskar menneska og har gripe inn i menneskesoga og forsona verda med seg sjølv gjennom Jesu Kristi død og oppstode. Dei som tek imot Jesus skal ikkje gå fortapt, men ha evig liv.
Livet kan enda i to utgangar. Fortaping eller evig liv. Synd øydelegg menneskelivet og fører til fortaping. Omvending og tru fører til frelse og evig liv. Det Gud seier er synd, er synd, og fører til fortaping. Evangeliet krev omvending, tru og lydnad mot Guds ord i ein ny livskurs i tenkemåte og livsførsel.
Bibeltruskap fører til misjon, for Bibelen seier at menneska er fortapte og treng frelse frå synd og dom. Misjonsiver og bibeltruskap høyrer saman. Liberale teologar har aldri vore ivrige misjonsfolk. Folk som trur at Bibelen er Guds ord, må driva misjon og vera lydige mot oppdraget om å forkynna evangeliet slik at menneske ikkje skal gå fortapt, men venda om og læra frelse og sanninga å kjenna.
Bibelen er Guds ord og evangeliet må forkynnast med stort frimod!