Debatt
Billegare barnehagar
Regjeringa vil gjere Noreg til eit meir barnevennleg samfunn. Vi vil ha ein politikk som støttar opp under barnefamiliane og som prioriterer universelle velferdstenester for alle barn.
Tysdag 5. september presenterte regjeringa eit historisk løft for familiar som har barn i barnehagen. I ei tid med auka levekostnader som særleg rammar dei som har minst frå før, vil mange oppleve utryggleik og at kvardagsøkonomien blir strammare. Det kostar å ha barn. Altfor mange barn i Norge veks opp i fattige familiar.
For å førebyggje familiefattigdom og gje alle barn like moglegheiter til å gå i barnehage vil regjeringa redusere maksprisen i barnehage frå 3.000 til 2.000 kroner i månaden frå 1. august 2024. For ein familie med to barn i barnehage betyr det at prisen blir redusert med 18.700 kroner i året.
Samtidig som vi vil gjere det billegare for alle å nytte seg av barnehagetilbodet, vil prisen bli ytterlegare seinka i dei mest spreiddbygde kommunane. I desse kommunane vil barnehageprisen bli halvert. For ein familie med to barn i barnehage i ein kommune med 30 prosent syskenrabatt, betyr dette eit kutt i utgifter på vel 28.000 kroner i året.
Under førre regjering auka maksprisen i barnehage år for år. Frå snaue 2.500 kroner i 2013, til 3.250 kroner i januar 2021.
Etter regjeringsskifte hausten 2021 har Senterpartiet og Arbeidarpartiet snudd trenden. Saman med SV på Stortinget har vi i 2023 prioritert familiepolitikken og barnefamiliane, blant anna ved:
1. Å gjere barnehagen gratis for alle som bur i tiltakssona i Finnmark og Troms.
2. Å gjere barnehagen gratis frå tredje barnet for foreldre som har fleire barn i barnehagen samtidig
3. Å innføre 12 timars gratis SFO per veke for 1. og 2. trinn.
4. Å auke barnetrygda.
I 2024 vil regjeringa fortsette velferdssatsinga på barnefamiliane. Vi vil skape ein trygg familiepolitikk for dei minste og familiane deira.
Gode barnehagar er viktig for alle barn, foreldra og samfunnet. Då må vi ha barnehagar som er tilgjengelege for alle, uavhengig av bakgrunn og foreldreøkonomi.