Debatt
BARNEHAGER: Vi må ha barnehagar som er tilgjengelege for alle, uavhengig av bakgrunn og foreldreøkonomi, skriv Kjersti Toppe.
Bjørn Olav Hammerstad
Billegare barnehagar
Regjeringa vil gjere Noreg til eit meir barnevennleg samfunn. Vi vil ha ein politikk som støttar opp under barnefamiliane og som prioriterer universelle velferdstenester for alle barn.
Tysdag 5. september presenterte regjeringa eit historisk løft for familiar som har barn i barnehagen. I ei tid med auka levekostnader som særleg rammar dei som har minst frå før, vil mange oppleve utryggleik og at kvardagsøkonomien blir strammare. Det kostar å ha barn. Altfor mange barn i Norge veks opp i fattige familiar.
For å førebyggje familiefattigdom og gje alle barn like moglegheiter til å gå i barnehage vil regjeringa redusere maksprisen i barnehage frå 3.000 til 2.000 kroner i månaden frå 1. august 2024. For ein familie med to barn i barnehage betyr det at prisen blir redusert med 18.700 kroner i året.