Kronikk
NOKO STØRRE: I Charisma Magazine fortel Téo Hayashi (bildet) om då han jobba med Lou Engle og hans rørsle The Call. Han visste dei mobiliserte for noko større. Og The Send vaks fram frå The Call – som hadde tolv timar lange stadionmøte og formaningar om faste, skriv kronikkforfattaren.
The Send, Brasil
Billy Grahams kappe
Stig på i The Send-historia – og høyr på Andy, Amy og Téo! Dei kjem på norske The Send. Risikoanalyse, kva er det?
Ver gjerne gira på Jesus, men som vaksen har du ansvar for trygge rammer. Éi ramme: Kunnskap om dei som får tale på Telenor Arena, Fornebu, juni 2022. Arrangør av The Send-møtet er Ungdom i oppdrag (UiO), leia av Andreas Nordli – del av Youth With A Mission (YWAM). Mang ein organisasjon er medarrangør. Fornebu-møtet er del av ei rørsle som òg har halde massemøte i USA og Brasil. For tida er det oppvarmingsmøte i norske byar, og i mai er det nytt, stort møte i USA.
Makt med vit?
Téo Hayashi seier i ein prat med Iris Ministries: Du kan bli dritings i Den heilage ande. Han sprudlar: Studentar blei «slain in the Spirit» midt i kantina!
I Charisma Magazine fortel Hayashi om då han jobba med Lou Engle og hans rørsle The Call. Han visste dei mobiliserte for noko større. Og The Send vaks fram frå The Call – som hadde tolv timar lange stadionmøte og formaningar om faste. Boka Jesussoldaten (Tonje Egedius og Anders Torp) fortel: Anders såg ein film om The Call: Framfor eit hav av unge skrytte Lou Engle av sonen (12) si 40-dagarsfaste. Etter filmen sa profet Cindy Jacobs til Anders (14): – Gud kallar deg til å bli leiaren for nasirearane i Noreg. Han fasta i tre veker. Året etter: The Call Berlin. Der fullførte Anders 40 dagars faste – «for revolusjonen». På massemøtet fekk Lou og sonen han opp på scena, og Lou skrytte av fastinga.