Biskopane lyg
«Nokre vil hevda at det er hardt, arrogant og ukjærleg å hevda at kyrkja sine fremste leiarar lyg, men saka er den motsette», skriv Johannes Kleppa.
Same dagen som Bispemøtet skulle gje uttale om kyrkjeleg vigsel for likekjønna par, var eg i mi bibellesing om morgonen i Jeremiaboka, og las då i 14.14 profeten si erfaring frå ein bestemt situasjon: «Men Herren sa til meg: Det er lygn det profetane varslar i mitt namn. Eg har ikkje sendt dei og ikkje gjeve dei påbod og ikkje tala til dei. Syner som lyg og falske spådomar og tomme ord og svik or sitt eige hjarta profeterer dei for dykk».
Då eg las dette, tenkte eg: Dersom biskopane i dag går inn for kyrkjeleg vigsel av likekjønna par, lyg dei i Guds namn. Då går dei ikkje Guds ærend, men dei talar tomme ord og talar ut frå sitt eige hjarta, ikkje ut frå Guds openberring i Skrifta. No skjedde det at eit stort fleirtal gjekk inn for det Guds ord forbyd, og då lyg dei og talar ut or sitt eige hjarta. Diverre er det ikkje berre fleirtalet som lyg, men også mindretalet som seier seg samd med fleirtalet i at ulikt syn i denne saka ikkje er kyrkjesplittande fordi det ikkje rokkar ved evangeliet.
Når eg seier at biskopane lyg, seier eg ikkje med det at dei på det personlege planet ikkje er etterrettlege eller pålitelege menneskeleg sett, altså at ein i det daglege ikkje kan lita på det dei seier. Det går slik sett ikkje på deira personlege integritet, men på deira teologi og denne sitt forhold til sanninga.
Nokre vil hevda at det er hardt, arrogant og ukjærleg å hevda at kyrkja sine fremste leiarar lyg, men saka er den motsette. Det er lygna som er hard, arrogant og ukjærleg. Lygna fører alltid øydelegging og dom med seg.
Sanning er kristent sett det som er i samsvar med Gud, hans vesen, hans vilje og hans truskap. Dette er til ei viss grad lagt ned i skaparverket slik at vi kan kjenna det gjennom historia og samvitet, og det er på fullkome vis openberra i Bibelen og i Kristus. Sanninga er openberra i lov og evangelium. Sanninga er etisk sett slik Guds openberring i Bibelen lærer oss å kjenna Guds vilje, og evangeliet er den frelsa som er openberra i Bibelen slik vi møter denne i Kristus.
Alt som bryt med denne openberringa, er lygn. Sanninga er ikkje berre noko som ytre sett er korrekt, men det er ein bestemt bodskap. Sanninga har eit innhald og ei lære. Det som er i strid med dette innhaldet, den bibelske bodskap og læra, er lygn. Dei som ikkje talar det Gud har tala til dei, lyg, seier profeten.
Ytre sett er det ei rett og «sann» opplysning at vi har ei friabortlov her i landet, men kristent sett er dette uttrykk for ei lygn. Friabortlova er ei lygnlov fordi ho lyg om Gud, barnet, livsretten og menneskeverdet. Ytre sett er det også rett og «sant» at vi har ei likekjønna ekteskapslov i landet vårt, men kristent sett er det uttrykk for ei lygn.
«Ekteskapslova» er ei lygnlov fordi ho lyg om Gud, ekteskapet, barnet og familien. Den som fremjar likekjønna samliv og endatil vigsel av likekjønna par, fører då lygn. Det er den dramatiske situasjonen vi no er i som folk og kyrkje.
Diverre er det slik at dei biskopane som går mot kyrkjeleg vigsel eller ein kyrkjeleg liturgi for forbønshandling for likekjønna par som er «vigsla» borgarleg, ikkje ser at dei biskopane som fer med slik tale, lyg. Tvert imot seier dei at ulike standpunkt i saka ikkje er uttrykk for kyrkjesplitting, fordi dei står saman om evangeliet. Med det sameinar dei lygna med sanninga, og kjem med det i skade for å føra lygnaktig tale sjølv.
Vedkjenninga seier at til kristen einskap er det nok å vera samde om evangeliets lære og forvalting av sakramenta. Då er det slik at skal vi læra rett om evangeliet, må det stå saman med ei rett forståing av lova. Frelsa står i forhold til syndefallet (og skapinga). Det ser biskopane bort frå når dei ikkje tek på alvor at eit likekjønna samliv er synd, og at slik synd vert teken bort frå lova ved kyrkjeleg vigsel av likekjønna par. Då lyg ein om evangeliet.
På same vis fører ein kyrkja inn i ein situasjon der ein opnar nattverdbordet for folk som lever i synd. Ein kan jo ikkje føra kyrkjetukt mot folk som ein har vigsla og velsigna til eit bestemt samliv.
Vi treng i sanning å be til Gud med Jeremia (v 21): «For ditt namn skuld, støyt oss ikkje bort!»