For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Debatt

ABORTLOVA: Det er ikkje berre det at bispekollegiet (foto) uttalar seg svakt og feil, men dei driv med rein sjølvmotseiing – og hevdar enda til at det er indre samanheng i det dei seier, og meiner alle må sjå det, skriv Johannes Kleppa.

Biskopane med gradert menneskeverd

Publisert Sist oppdatert

Det er ei kjent sak at den som gir seg ut på ein glidebane, garantert rutsjar nedover. Det gjeld fysisk og det gjeld i etiske spørsmål, og i mange andre samanhengar. I samband med forslag til ny abortlov, altså ny fosterdrapslov, vert dette tydeleg i mange samanhengar.

Der det kanskje er alle tydelegast, er hjå biskopane i Den norske kyrkja med preses i spissen. Avstanden frå Per Lønning til Olav Fykse Tveit er som lysår. Det same er uttalar frå bispemøtet på 70-talet og framover til dei vi har fått dei seinare åra, som har sitt botnmål i høyringssvaret til framlegget til ny abortlov.

Det er ikkje berre det at bispekollegiet uttalar seg svakt og feil, men dei driv med rein sjølvmotseiing – og hevdar enda til at det er indre samanheng i det dei seier, og meiner alle må sjå det. Det er nesten som ein ikkje kan tru at høgt utdanna menneske i sentrale posisjonar seriøst kan få seg til å skriva det dei gjer, i alle fall ikkje i eit spørsmål som gjeld liv og død.

Powered by Labrador CMS