Debatt
BÆREKRAFT: I juni 2016 presenterte daværende statsminister Erna Solberg Norges første rapport til FN om oppfølging av Agenda 2030 og bærekraftsmålene sammen med utenriksminister Børge Brende og klima- og miljøminister Vidar Helgesen.
Cornelius Poppe / NTB
Bøndenes protest i Nederland
Bondeprotestane i Nederland er noko langt meir enn det kan sjå ut til ved første augekast. Dette er protestar retta mot konsekvensen av Agenda 2030 og mot det grøne skiftet.
Bøndene i Nederland har no protestert kraftig mot regjeringa sin plan om å halvere nitrogen- og ammoniakkforureininga innan 2030. Dette vil truleg bety utsleppsreduksjonar opp mot 95 prosent, som vil medføre reduksjon av talet på husdyr med rundt 30 prosent og som vil bety at mange bønder vil måtte leggje ned sin verksemd.
Protestane har sjølvsagt vore kraftige og bøndene har tatt til gatene og gjennomført ulike aksjonar. Ved eitt høve skaut nederlandsk politi med skarpt mot ein demonstrant. Det vi no ser gå føre seg i eit elles roleg Nederland, er sjokkerande.