Debatt
SKADD KIRKE: Ødelagte kupler ligger ved siden av en skadet kirke i landsbyen Bohorodychne, øst i Ukraina, lørdag 22. oktober.
Andriy Andiyenko / AP / NTB
Bortført pastor, torturert imam
Eit bortført pastorpar, stengde kyrkjer og moskear, ein torturert imam og eit brent kyrkjeleg bibliotek. Dette er russisk okkupasjonspolitikk i Ukraina.
Maskerte russiske soldatar kom heim til baptistpastor Leonid Panomaryov og kona Tatyana i den okkuperte byen Mariupol. Det var 21. september, to dagar før den ulovlege folkerøystinga om å slutta seg til Russland. Naboar høyrde rop og skrik då dei to vart førte vekk. Familie og kyrkjelyd har ikkje fått livsteikn frå dei. Kyrkja er stengt og forsegla.
Medlemmar av baptistkyrkja hadde nekta okkupasjonsstyrkane å bruka kyrkja til lokale for folkerøystinga. Det no bortførte pastorparet vart skulda for å driva «ekstremistisk aktivitet». Sidan dei vart bortførte har ingen høyrt frå dei.
Dette er berre eitt av mange døme på den brutale framferda til okkupasjonsstyrkane og dei russisk-støtta styrkane i dei okkuperte delane av Ukraina. Soldatar har raida og stengt protestantiske kyrkjer, hindra gudstenester, konfiskert litteratur og i minst eitt tilfelle kasta kyrkjefolk ut av bygningen deira med makt. Nyhendetenesta Forum18 har dokumentert korleis okkupasjonspolitikken verkar for trussamfunn som ikkje bøyer seg for Moskva.