Meninger

IKKJE GRAV NED TALENTET: Eg blir rørt når eg møter nokon som brukar det dei har i tenesta i Guds rike. Nokre av dei har kanskje små talent ut frå storsamfunnet si vurdering. Når Gud får signa det, blir det likevel slett ikkje lite, skriv Olav Vestbøstad.

Bruk talenta dine!

Publisert Sist oppdatert

Jesus fortel i Matteus 25 ei likning som skapar mange tankar hos meg. Likninga handlar om ein svært rik mann som reiser utanlands. Før han dreg, kallar han til seg tre av tenarane sine. Kvar av dei får ansvar for å forvalte ein del av formuen.

Ein av dei får fem talent, ein annan tre og den tredje fekk éin talent. Dei får alle beskjed om å forvalte talenta på best mogleg måte. Dei to som fekk mest, set midlane i omløp og fordobla verdien. Han som berre fekk éin talent, valde å grava den ned i jorda.

Frå eg var liten har eg synest synd på han som berre fekk éin talent. Det kunne ikkje vera rettferdig at denne rikmannen gjorde skilnad på folk på denne måten. Han fekk jo berre éin, medan ein kollega fekk fem! Eg har seinare lært at ein talent er det same som 6.000 dagsløner. Då er det tydeleg at sjølv berre éin talent er ein stor sum!

Førre veka var eg med på ein digital misjonskonferanse med tittelen «Use your talents – Asia workshop». Konferansen var for norske misjonsorganisasjonar og samarbeidskyrkjene deira i Asia.

I samarbeidskyrkja til NMS på Madagaskar vaks det fram eit konsept som fokuserer på å utnytte dei ressursane ein har i staden for å fokusere på det ein manglar. Ved slik å snu tankemåten, fann ein ut at sjølv kyrkjer som er små og tilsynelatande ressurssvake har mykje å bidra med.

OLAV VESTBØSTAD: Fungerende leder i Misjonssambandet utland.

Det nye tankesettet fører til at ein får eit større lokalt eigarskap, og utanlandske bistandsmidlar og andre pengar utanfrå får mindre å seie. Denne måten å tenkje på har no spreidd seg til andre land i Afrika og programmet er også introdusert i Asia.

Talenta kan ha form av både menneskelege og materielle ressursar. Dette er eigentleg ikkje noko nytt konsept, men det å bruke dette som ein medviten måte å planleggje det diakonale arbeidet på, er mange stader nytt.

Ved å kartleggje ressursane ein rår over og så sjå korleis desse kan brukast for å stette dei behova ein ser, vil det vere mogleg å hjelpe andre utan at ein må tilføre ressursar utanfrå.

Kanskje er det ikkje berre i Asia me treng å utfordrast på dette. Eg har mange gonger høyrt sukk og klager frå bedehus og foreiningar også her i Norge om store behov og mangel på ressursar, både menneskelege og materielle.

Slike sukk skapar ofte berre trykka stemning og mismot. Går det an å snu perspektivet? Kva har Gud velsigna oss med? Kva kan me bruke til hans ære?

På konferansen fekk eg i oppgåve å ha eit ord for dagen. Der minna eg om kva som skjedde då Jesus metta 5.000. Disiplane såg at det var mykje folk samla og det var langt på dag.

Dei oppfordra då Jesus til å sende folket bort for å kjøpa seg mat i næraste landsby. Jesus hadde eit anna forslag, og han sa til disiplane: «De skal gje dei mat!» Dette stussa disiplane over. Dei hadde jo ingen ting!

Så viste det seg at ein liten gut hadde ei nistepakke med fem brød og to fiskar. Dette kom dei til Jesus med. Han bad takkebøna og gav så disiplane ordre om å dela ut maten. Det gjorde dei og det vart meir enn nok til alle.

Forteljinga om Jesus som mettar 5.000 minner meg om at det som kan synast å vera lite kan bli til stor signing i Jesu hender. Den minner også om at me ikkje alltid finn ressursane berre der me forventar å finne dei.

Disiplane såg ikkje føre seg at det var den vesle guten som hadde det dei trong. Jesus involverer disiplane når folket skal mettast. Jesus kunne ha ordna det sjølv. Han kunne ha skapt brød av steinane som var der.

Han kunne ordna med manna eller andre overnaturlege matvarer. I staden bad han disiplane om å bidra.

Gud gav oss det me har fått for at me skal bruka det til hans ære.

Dette pedagogiske grepet fungerer også i dag. Det kristne arbeidet er mykje meir berekraftig dersom ein skapar involvering enn om målgruppa blir passive mottakarar. Det gjeld for born, unge og vaksne.

Det forstod Jesus. Difor ville han involvere disiplane, ikkje berre gjere dei til passive tilskodarar til det som hende. Og han bad dei ikkje om meir enn det som var mogleg for dei å gjere. Det umoglege tok han sjølv seg av.

Slik gjer han det framleis.

Eg blir rørt når eg møter nokon som brukar det dei har i tenesta i Guds rike. Nokre av dei har kanskje små talent ut frå storsamfunnet si vurdering.

Når Gud får signa det, blir det likevel slett ikkje lite. Talenta finn ein ikkje alltid der ein ventar det. Me skal difor aktivt drive talentspeiding og elske fram nye talent!

Gud gav oss det me har fått for at me skal bruka det til hans ære. Grav ikkje ned talentet ditt, men ta det i bruk og la Herren få signa det!

Powered by Labrador CMS