Debatt

LEIAR: KrF-leiar Dag-Inge Ulstein.

Dagen-korstog mot Ulstein

Publisert Sist oppdatert

Skuffande, men slett ikkje uventa, fortset Dagen-redaktøren korstoget sitt mot Dag-Inge Ulstein. Og metodikken er til forveksling lik den i same redaktør sine nesten ustoppelige tiradar mot Knut Arild Hareide, i samband med KrF sitt retningsval;

– Med stor skråsikkerhet å tilleggja motiv, eigenskapar og tankar som nett ikkje er edle.

– Å auka styrken i påstandandane for kvart nytt framstøyt.

– Å gjenta og gjenta påstandane, trass i at dei vert tilbakeviste frå mange hald.

Det skal ikkje mykje empati til for å skjøna at denne saka er svært krevande for alle dei som er involvert. Me kunne difor venta ei meir respektfull og varsam redaksjonell handsaming frå Dagen si side.

Eg må innrømma at eg etter kvart er grundig lei av desse personretta aksjonane, og at Dagen-lojaliteten min no heng i ein tynn tråd, utan at eg trur det gjer noko som helst inntrykk på min gode gamle ven; redaktør Selbekk.

–––

Powered by Labrador CMS