Debatt

MØTTEST: Generalsekretær i Nato, Jens Stoltenberg, helsar på USAs dåværande president, Donald Trump, før Nato-toppmøtet i Watford utanfor London i desember 2019.

Dagen si einsidige svartmåling av Donald Trump

Publisert Sist oppdatert

Dagen hadde ein leiarartikkel i papiravisa 20. oktober med overskrifta «Hva hadde skjedd hvis Trump var president nå?» Artikkelen har provosert fram ein del lesarinnlegg. Eg har tidlegare skrive eit langt innlegg med utgangspunkt i leiarartikkelen som diverre ikkje har komme på trykk.

Eg vil difor berre kommentera leiartikkelen si framstilling av Trump sitt forhold til Nato, som Hans-Henrik Brix i lesarinnlegg 17. november kallar «realistisk beskrivelse» og «saklig og velbegrunnet». Det var leiarartikkelen ikkje!

Kva var Trump sin bodskap til dei andre Nato-landa då han var president? Han meinte at Natolanda måtte løyva meir til Forsvaret generelt, minimum 2 prosent av brutto nasjonalprodukt (BNP), og til Natoalliansen spesielt. Det var ikkje rett at amerikanske skattebetalarar i hovudsak skulle finansiera alliansen, og at amerikanske soldatar i hovudsak skulle ofra livet sitt for alliansen. Her må alle Natolanda yta sitt. Dersom ikkje, truga Trump med å trekkja USA ut av alliansen.

Nato sitt, etter mange si meining, feilslåtte engasjement i Afghanistan kosta amerikanske skattebetalarar 9 tusen milliardar kroner, og 2.448 amerikanske soldatar miste livet der. Kor mykje Noreg la ut i Afghanistan, veit eg ikkje, men «berre» ti norske soldatar mista livet der.

Kva var generalsekretær i Nato, Jens Stoltenberg, sin reaksjon på Trump sitt utspel? Han sa på norsk tv: «Jeg er enig med Trump, jeg!» Kanskje Dagen sin leiarskribent og Hans-Henrik Brix også er einig med Trump når dei får tenkt seg om, men det sit kanskje langt inne ettersom det diverre ikkje er politisk/journalistisk korrekt å vera einig med Trump i noko som helst her til lands.

Her er det einsidig svartmåling med ikkje dokumenterte karakteristikkar og påstandar som gjeld. Kva amerikanarane, utan juks, sjølv meiner, har tydelegvis mindre betydning. Mange der, over 70 millionar med valet i 2020, var nøgde med det Trump fekk gjennomført då han var president, og som samsvarte med det han lova før han vart valt til president i 2016.

Trump slutta å diskriminera Israel, noko Noreg framleis gjer.

Med andre ord er han til å stola på, til føredøme for mellom anna norske politikarar: Millionvis av nye arbeidsplassar vart oppretta, skjerming av amerikanske bedrifter og industri i konkurranse med utlandet (særleg Kina), strengare kontroll ved grensene med omsyn til ulovleg innvandring og innførsel av narkotika, utnemning av tre konservative Høgsterettsdommarar som i ettertid har gjort at den grunnlovsstridige Roe v Wade-dommen frå 1973 er blitt oppheva.

Tusenvis av amerikanske menneskeliv vil verta sparte i åra som kjem. Kva med dei tusenvis som uretteleg er blitt tatt livet av sidan 1973? Trump stoppa løyvingar til abortfremjande tiltak gjennom FN, noko Biden innførte igjen kort tid etter at han begynte som president.

Trump slutta å diskriminera Israel, noko Noreg framleis gjer, ved å flytta den amerikanske ambassaden frå Tel Aviv til hovudstaden Jerusalem. Dette burde vore gjort for lenge sidan etter vedtak på 1990-talet, men som tidlegare amerikanske presidentar hadde utsett/trenert sidan då. Trump sin administrasjon medverka til betre relasjonar mellom Israel og fleire arabiske land gjennom dei såkalla Abraham-avtalane. Fleire ting kunne vore nemnt.

Kvifor nemner ikkje Dagen sin leiarskribent noko av dette i leiarartikkelen sin for å danna eit sant bilete av Donald Trump og det han fekk gjennomført då han var president? Sakleg og sannferdig?

Nokre fakta om NATO: I perioden 2003 til 2013 vart forsvarsutgiftene i Nato redusert med 24 prosent. Etter Russland sin ulovlege invasjon og annektering av Krim i 2014, vart det bestemt at alle Natolanda skulle ha som mål å auka forsvarsutgiftene til 2 prosent av BNP.

Korleis har det gått? Per 2021 er det berre 8 av 30 medlemsland, mellom anna Storbritannia og Frankrike, som har nådd dette målet. Noreg med 1,74 prosent er ikkje mellom desse landa. Tyskland hadde i 2021 berre 1,3 prosent, medan USA hadde 3,7 prosent under Trump i 2020 og 3,5 prosent under Biden i 2021.

Til samanlikning hadde Russland 4,1 prosent i 2020. Etter Russland sin ulovlege og brutale invasjon av Ukraina i februar i år, fekk pipa i enkelte Natoland ein annan lyd. Alt i mars gjekk Olaf Schulz i Tyskland ut med at Tyskland nå ville auka forsvarsbudsjettet til minimum 2 prosent av BNP.

Kanskje Tyskland og andre Natoland, inkludert Noreg, burde tatt Trump sine ord/oppfordring meir alvorleg tidlegare, for å styrkja eige forsvar og Natoalliansen, og slik at ein hadde vore betre rusta til å hjelpa Ukraina. Det bør nemnast at USA aldri før har ytt så mykje til Natoalliansen som under Trump sin presidentperiode.

Kvifor nemner ikkje Dagen sin leiarskribent dette i leiartikkelen sin? Sakleg og sannferdig?

Powered by Labrador CMS