Anmeldelser
THRILLER: Ein viktig og vellaga dokumentarfilm som garantert vil vekka engasjement og skapa samtale.
Filmplakat
Dagens guide til haustens store dokumentar-snakkis
Som såkalla konservativ kristen føler eg ikkje for å ta nokon av karakterane i dokumentaren Praying for Armageddon i forsvar. Kanskje tvert om. Men eg synest filmens sekulære diskré helt fortener eit kritisk blikk.
Mykje har blitt sagt og skrive om ein av haustens mest interessante dokumentarfilmar, nemleg Praying for Armageddon. Filmen vart lansert her heime den 20. oktober og er laga av den norske regissøren Tonje Hessen Schei.
Filmen går dei meir outrerte delane av amerikansk evangelikal kristendom etter i saumane, og analyserer det heftige endetidsfokuset som pregar desse.
Ein saftig miks av politics, prayers and power blir avslørt som ein cocktail med konsekvensar, ikkje berre internpolitisk, men også for dei sterke banda mellom evangelikale miljø i USA og Israel.