Debatt
Dagens usaklege leiar om Trumps forhold til Nato
Dagen sin leiarartikkel 20. oktober med tittelen «Hva hadde skjedd hvis Trump var president nå?» har utløyst ein god del lesarinnlegg. Av plasshensyn har eg konsentrert meg om å kommentera leiartikkelen si framstilling av Trump sitt forhold til Nato.
I lesarinnlegg 24. november kallar eg denne framstillinga og leiarartikkelen generelt som einsidig svartmaling av Trump. Hans-Henrik Brix meiner framstillinga av Trump sitt forhold til Nato ikkje er svartmaling, men er realistisk, sakleg og velbegrunna i lesarinnlegget sitt 17. november.
Han forsvarer dette standpunktet i lesarinnlegg 1. desember. Han begrunnar dette med å visa til kva forskar Hilmar Mjelde i Norce og Anders Romarheim, leiar for internasjonal sikkerheit har uttalt/skrive om Trump sitt forhold til Nato.
Brix lar derimot vera å nemna i lesarinnlegget sitt 1. desember, kva som var generalsekretær i Nato, Jens Stoltenberg, sin reaksjon på Trump sitt utspel overfor dei andre Nato-landa då han var president, og som eg refererte i lesarinnlegget mitt 24. november: «Jeg er enig med Trump, jeg!».
Eg vil tru at Stoltenberg har betre greie på tilhøva innad i Nato og kva Trump og Stoltenberg sa til kvarandre i private samtalar, enn kva Mjelde, Romarheim, Brix og Dagen sin leiarskribent har.
Kva var Trump sin bodskap til dei andre Nato-landa? De må yta meir til eige Forsvar generelt, og til Nato-alliansen spesielt. Dette hadde Nato sjølv bestemt i 2014, før Trump blei president, som ein fylgje av Russland sin ulovlege invasjon og annektering av Krim same år, men som Nato-landa i liten grad hadde gjort noko med.
I 2021 var det berre 8 av 30 Nato-land som hadde kome opp på 2 prosent av BNP som var Nato sitt mål i 2014. Noreg var ikkje mellom desse landa med berre 1,74 prosent.
Trump meinte at det var ikkje rett at USA i hovudsak skulle finansiera alliansen og at amerikanske soldatar i hovudsak skulle ofra livet sitt for alliansen. Alle Nato-landa måtte yta sitt. Bakgrunnen for desse meiningane prøvde eg å visa i lesarinnlegget mitt 24. november, der eg nemner at Nato i perioden 2003 til 2013 reduserte forsvarsutgiftene med 24 prosent.
Eg nemnde også, etter mange si meining, Nato sitt feilslåtte engasjement i Afghanistan. Dette engasjementet kosta amerikanske skattebetalarar etter oppdaterte tal 18.850 milliardar kroner.
Dagen sin leiarartikkel var ikkje ei realistisk, sakleg og velbegrunna framstilling av Trump sitt forhold til Nato.
Til samanlikning la Noreg ut 11,5 milliardar kroner i militær innsats, forutan 12.3 milliardar kroner i sivil bistand i Afghanistan. 2448 amerikanske soldatar mista livet i Afghanistan, mot 1144 soldatar frå dei andre Nato-land til saman.
«Berre» 10 av desse var norske. Dessutan mista om lag 3800 sivile amerikanarar forutan over 100.000 afghanarar livet i samband med engasjementet. Var det rart at Trump som ansvarleg for den amerikanske økonomien og dei amerikanske liva reagerte som han gjorde, og sette i gong tiltak for å avslutta USA og dermed også Nato sitt engasjement i Afghanistan?
Det bør nemnast at USA aldri før har ytt så mykje til Nato-alliansen som under Trump sin presidentperiode. Kvifor nemner ikkje Dagen sin leiarskribent noko av det eg her har nemnt i leiarartikkelen sin 20. oktober for å danna eit sakleg og sannferdig bilete av Trump sitt forhold til Nato? Det passa tydelegvis ikkje inn i leiarskribenten si einsidige svartmaling av Trump!
Korleis hadde det vore dersom Trump hadde vore president nå? Eit hypotetisk spørsmål, som eg meiner berre er stilt for om mogeleg å svartmala Trump. Eit mareritt, og det vil det også bli dersom Trump blir president i 2024 meiner Brix og Dagen sin leiarskribent.
Dei treng ikkje venta til 2024 for eventuelt å oppleva det. For marerittet er her nå, utan Trump som president! Det starta i februar i år med Biden som president i USA og Putin som president i Russland.
Marerittet kan vel ikkje bli større og verre enn kva ukrainarane opplever akkurat nå, og som også har fått alvorlege fylgjer for resten av Europa og mange andre, særleg fattige land. Kanskje det ikkje hadde blitt krig i Ukraina dersom det var Trump som var president i USA nå?
Ved diplomati, slik han gjorde overfor leiaren i Nord-Korea som USA hadde hatt eit anstrengt forhold til, for eksempel under Obama. I staden for å retta rakettar mot Nord-Korea, retta Trump ut handa si til leiaren i Nord-Korea i Singapore, for om mogeleg å få i stand fredelege avtalar. Til føredøme for andre statsleiarar.
Det å eventuelt å ha eit godt forhold til Putin før Russland sin invasjon av Ukraina, burde vel ikkje vera noko ulempe for om mogeleg å hindra krigen i Ukraina? Men også dette klarer Dagen sin leiarskribent (og Brix?) å fokusera negativt på i si einsidige svartmaling av Trump.
Kva med Macron og andre vestlege leiarar sitt forhold til Putin før krigen i Ukraina? Kva med alle vestlege land sine avtalar med Putin og Russland om leveransar av gass og olje? Burde ikkje desse også svartmalast på lik linje med Trump, dersom ein vil vera rettferdig, sakleg og sannferdig?
Konklusjon: Dagen sin leiarartikkel 20.oktober var ikkje ei realistisk, sakleg og velbegrunna framstilling av Trump sitt forhold til Nato slik Brix påstår, men ei einsidig svartmaling.