Debatt
LA DET SVINGE: Guds folk skikkar seg lik verda når dans har vorte innført i Bedehusland, skriver Dag Rune Lid.
Dansen spelar på det erotiske og den kroppslege kontakten
I det siste har me opplevd at pardansen har vorte innført i det kristne ungdomsarbeidet i bedehusland, og ein undrar seg over kva som skjer. Det vitnar om at den åndelege søvn aukar mellom Guds folk.
Kva skjer når Guds folk skikkar seg lik verda for å vinne verda? Då vert ein innteken av verda, og Guds ånd må vika.
Bibelen understrekar at det er eit heilagt skilje mellom kjønna, og i pardansen er ein med på å bryte ned dette skilje. Dansen spelar på det erotiske og den kroppslege kontakten.