For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Meninger

SONGTEKSTAR: Mange songar har gjennom tidene hatt mykje å seia for meg, dei uttrykkjer det eg sjølv ser og kjenner på, men ikkje finn ord for, skriv Gudleik Himle.

Dei fann ord

Publisert Sist oppdatert

Mange songar har gjennom tidene hatt mykje å seia for meg, dei uttrykkjer det eg sjølv ser og kjenner på, men ikkje finn ord for. Dei finn ord og uttrykk for det som lever i meg. Du merker eigentleg om ein song er laga, eller født. Merkjer mellom anna på kven som er sentrum. «Syng om Herren o mitt hjerte, troens sang som Han deg lærte.»

«Å salige stunder som Jesus oss gir, når soningens under rett klart for oss blir», song og takka me, uttrykt som vitnemål. Det er levd liv, ikkje berre teori. Salmar og songar som uttrykkjer det som gjer me kjenner oss att. Du møter levd liv, erfaring. Her finn du kamp, nederlag, svik. Gjennom alt er Gud trufast. Her finn du nauda, frykta for sjølvbedrag. Her stolar salmisten ikkje på sjølvransaking, men bed Herren om gransking, ransaking (Salme 139).

Eg er takksam for Salmane, ja, for heile Guds ord, Guds tale. Eg er takksam også for dei songane, salmane som me har.

Powered by Labrador CMS