Meninger
TOMT LOKALE: Korleis kan ein vita at det ikkje kjem folk, når der ikkje er møter, spør Gudleik Himle.
Adobe Stock
Dei kom ikkje
Eg veit ikkje om du har høyrt dette: «Det nyttar ikkje å ha møte for der kjem ikkje folk.» Korleis kan ein vita at det ikkje kjem folk, når der ikkje er møter? Det er ikkje Herren som har denne innstillinga. Men den er ikkje ny.
Då Kinamisjonen var danna, og ei av kvinnene som var med på danninga, var på båten heim kom ein kar bort til henne og sa: – Det er nyttelaust å driva misjon i Kina, det er som å strø mjøl på havet.
– Men Gud har mjøl nok, svara ho.