| Grill en kristen
KRIG: «Ødeleggelsen av amorittenes hær», illustrasjon av kunstneren Gustave Doré.
Illustrasjon: Gustave Doré
Dei krevjande krigane i Det gamle testamentet
SPØRSMÅL: Korleis skal vi tenkja om det at Gud framstår som ein krigargud i det Gamle testamentet?
Når krigane i Det gamle testamentet (GT) blir tema, er det fort gjort å koma på defensiven for ein kristen.
Det er ikkje berre ateistar som Richard Dawkins som har latterleggjort Gud som ein tyrannisk despot. Ein som les gjennom Bibelen for første gong, kan bli ille til mote over brutaliteten og krigarmentaliteten som kjem til uttrykk.
Er dette verkeleg den same skriftsamlinga som snakkar om tru, håp og kjærleik? Ein slik kognitiv dissonans bør vi ta på alvor. Gud har plass for alle spørsmåla våre.