Debatt
GRAVFERD: Fredag 13. mai vert journalisten Shireen Abu Akleh gravlagt i Aust-Jerusalem, og det gjekk ikkje heilt fredeleg for seg, skriv Eiliv Villand.
Nasser Nasser / AP / NTB
«Demokratiet» Israel
Onsdag 11. mai vart Shireen Abu Akleh, journalist i avisa Al Jazeera, skoten i byen Jenin på Vestbreidda.
Torsdag 12. mai skriv Klassekampen om hendinga. Her seier ein kollega til Shireen, Sandy Soleiman: «Drapet på Shireen er ingen tilfeldighet. Hun ble drept med overlegg, og vi krever en internasjonal gransking av drapet.»
Utanriksminister Lapid seier at hendinga vil verta undersøkt, men det vil verta ei intern undersøking.