For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Debatt

JESUS: Radioen sine morgonandaktar kan innehalda god, Jesus-sentrert forkynning, men er diverre ofte redusert til kåseri-tematikk. Det kan gå fleire dagar mellom kvar gong Jesus vert nemnt, skriv John Ove Thaule.

Den kristne forkynninga: Det vanskelege J-ordet?

Publisert Sist oppdatert

Dei fleste har fått med seg at N-ordet står for eit ord som er uheldig og diskriminerande å bruka om menneske med mørk hudfarge. Ein avstår frå å bruka det og finn alternative ord. Det opphavelege ordet glir gradvis ut av bruk.

Det er eit ord som burde vera heilt sentral i all kristen forkynning, men som av merkelege, ja, uforståelege grunnar, ser ut for lida ein liknande gradvis lagnad i ein del kristen forkynning, særleg i radio og TV, ja, også i gravferder. Ikkje av di det er diskriminerande eller uheldig på nokon måte, men ein kan undra seg over kvifor så mange i si forkynning har så vanskeleg for å bruka J-ordet: Jesus?

Radioen sine morgonandaktar kan innehalda god, Jesus-sentrert forkynning, men er diverre ofte redusert til kåseri-tematikk som gode sosionomar like gjerne kunne halda. Det kan gå fleire dagar mellom kvar gong Jesus vert nemnt. Alibiet for slike andaktar ser ut til å vera eit påhengt, avsluttande Fadervår. Likeins kan ein oppleva gudstenester det Jesus knapt vert nemnt utanom i liturgiske ledd.

Powered by Labrador CMS