Debatt
GJELD FRAMLEIS: Jesus viste til lova på Sinai då han vart spurd om korleis ein får evig liv, skriv Vidar Sætre.
Adobe Stock
Den lovlause Golgata-kristendommen
18/7 hevda Sten Sørensen eit svært negativt syn på Guds lov, særleg Moselova på Sinai, og hevda istaden ein lovfri nådeteologi ut frå Jesu død på Golgata. Men Sørensen talar ikkje som Guds ord.
For Jesus viste til lova på Sinai då han vart spurd om korleis ein får evig liv: «Gjer dette (...)» hald det dobbelte kjærleiksbodet, «so skal du leva!», svarte Jesus (Luk 10,25–28; 5. Mos 6,5; 3 Mos 19,18).
Og Skrifta ærar Guds lov: «Å gjera din vilje, min Gud, er mi lyst, og di lov er i mitt hjarta» (Sal 40,9), «Stor fred har dei som elskar di lov» (Sal 119,165) og «Sæl er den mannen du tuktar, Herre, han du gjev lærdom or di lov» (Sal 94,12).