Debatt
KYRKJESAMFUNN: Korleis hadde det sett ut i kristen-Noreg om ikkje det var eit modig og myndig lekfolk (...) som i vidareføring av haugianismen fekk forkynne Ordet til frelse, omvending og nytt liv, spør Harald Myklebust. Ottar Mikael Myrseth (biletet) er biskop i Den nordisk-katolske kyrkje.
Odd Mehus
Den nordisk-katolske kyrkje og 1800-talsleiken
Biskop Ottar Mikael Myrseth i Den nordisk-katolske kyrkje (NKK) har fått ei brei (og god) omtale i Dagen. Han var og er ein god forkynnar av Guds ord, som eg fekk vere med å ta imot då han kom til «Moa-kyrkja» (Spjelkavik kyrkje i Ålesund).
I Indremisjonens bedehus på Blindheim, som har vore nytta som interims-kyrkje, ynskte vi han velkomen, og eg fekk syngje ein song i den første gudstenesta der. Så fekk vi høyre det under eit kyrkjelydsmøte, at vi (i indremisjonen) « … må slutte med 1800-talsleiken», nøyaktig sitert i samtalen med Myrseth i Dagen. Det undrar meg svært mykje. Noko seinare melde Myrseth seg ut av Den norske kyrkje (Dnk) for å vere med i skipinga av Den nordisk-katolske kyrkje (NKK).
Så, korleis hadde det sett ut i kristen-Noreg om ikkje det var eit modig og myndig lekfolk (med teologar i sin midte) som i vidareføring av haugianismen fekk forkynne Ordet til frelse, omvending og nytt liv, ja, som tok tak i misjonsaspektet i indre- og ytremisjonsorganisasjonar, og ved bygging av bedehus, og i tillegg til det offentlege, fekk etablert skular og sosiale institusjonar?