Frispark
FRISPARK: Sofie Braut og Rolf Kjøde.
Bjørn Olav Hammerstad og Tore Hjalmar Sævik
Den norske kyrkja og eit større fellesskap
Over nokre månader har Sofie Braut lukka oss inn i sine refleksjonar om det å høyre til kyrkjeleg, for så å konkludere i sommar med at ho ikkje kan vere med lenger på Den norske kyrkja si ville teologiske ferd. Premissa er tydeleg reflektert og formulert, og konklusjonen er konsistent.
Sjølv meldte eg meg ut i 2017 av det kyrkjesamfunnet som eg var både døypt og ordinert i. Mi erfaring er at slikt gjer ein ikkje om ein ikkje må.
Hadde Den norske kyrkja si leiing berre vore «tannløs og uinteressant», som Knut Alfsvåg kallar dei (Dagen 12. august), hadde eg kanskje blitt. Problemet er at dei forkynner falsk lære, enten det er det samla bispekollegiets haldning til ekteskapet som kjønnsnøytralt, opning av kyrkjene for nyreligiøsitet og religionsblanding, eller den breie aksepten for universalisme, at alle blir frelst til slutt.