Sp-veteran Arild Børge Skjæveland er inne i sin tiene periode i Klepp kommunestyre. Han mener kristenfolket i kommunen kan sammenlignes med Russlands president Vladimir Putin.
Karl Almedal
Den nye intoleransen frå lobbyen av kvinne- og homoaktivistar
Den nye intoleransen er sett i scene av ein liten lobby av kvinne- og homoaktivistar som har fått ei nærast diktatorisk makt.
Som gamal senterpartiveljar er eg glad for at Arild Børge Skjæveland ikkje er ein typisk representant for partiet.
Han høyrer nok heller heime litt lenger ute på den venstresida Senterpartiet har alliert seg med i kampen mot den sentraliseringa og byråkratiseringa som høgreregjeringa tvingar på oss i aukande tempo.
Det har vore gildt å fylgja med på den stormen han har hausta med det tåpelege framlegget om at organisasjonar og lag som ikkje var politisk korrekte i kvinne- og kjønnspolitikken, skulle nektast kommunal stønad.