Debatt
KATOLIKK: Ragnhild Høen har nyleg fortald om sin veg til Den katolske kyrkja.
Hans Christian Bergsjø
Den romersk-katolske læra om kyrkja er ein illusjon
Gjennom ei tid har Dagen hatt ein serie om kjende kyrkjelege personar som har konvertert til Den romersk-katolske kyrkja. Sist var det tre sider med presentasjon av og intervju med Ragnhild Aadland Høen.
Det er ei sympatisk framstilling Aadland Høen gjev av sin trusveg til Rom. Men av di intervjuet likevel ikkje berre vert ei skildring av vegen Aadland Høen har gått, men også ein polemikk mot reformasjonskyrkjene og ei avvising av den trusvegen andre freistar å gå, med ein meir eller mindre direkte freistnad på å verve konvertittar frå Den norske kyrkja til Den romersk-katolske, må det vere lov å kome med eit alternativt trusvitnebyrd når det gjeld det ho kritiserer.
For Aadland Høen, som for dei andre konvertittane vi har møtt i serien i Dagen, er det situasjonen i Den norske kyrkja som er utgangspunktet. Ho går inn på dei som snakkar om å «gå i livbåter» for å overleve i Den norske kyrkja, og som søkjer «konservative, bibeltro oaser», der dei kan finne kraft.