Kommentar
NORD-IRAK: Ein mann held rundt ei sørgjande kvinne.
Hadi Mizban/AP/NTB
Den siste dansen i Qaraqosh
Dei er komne til festens høgdepunkt. Finalen. Stunda alle ser fram til. Brudgommen legg handa om livet til brura si og fører henne ut på golvet for å danse brurevalsen.
Nær tusen par auge følgjer paret som bevegar seg sakte rundt på parketten, for gjestene er ofte mange i bryllaup i Irak. Golvet er pynta med blomar, lys – og etter kvart eldsprutande fontener.
Det kvite, brusande skjørtet står som ei sky rundt brura. Brudgommen er stram og nyklipt i svart dress.