Debatt
SKAL, SKAL IKKE: Vil ein gjera underordninga for kvinner uaktuell for vår tid, må ein gjera all underordning uaktuell, skriv Johannes Kleppa.
Adobe Stock
Den treeinige Gud og underordning
Ivar Vegge har gjennom fleire artiklar i Dagen gått sterkt i rette med Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) sitt syn på underordning og tenestedeling. Vegge er førsteamanuensis ved Fjellhaug Internasjonale Høgskole og brukar med det sin posisjon på NLMs fremste teologiske institusjon til å gå mot sin eigen organisasjon. Det er nokså spesielt, men det er ikkje mi sak.
Vegge meiner NLM i si utgreiing byggjer på to, tre amerikanske teologar, og at dei ikkje har nok argumentasjonskraft. At det er rett, tvilar eg på, men det er nok av teologar å visa til for eit tradisjonelt syn på tenestedeling, fordi det har vore det rådande synet i bibeltru krinsar like opp til våre dagar.
Det er heller ikkje mi sak som formann i Misjon Sarepta å meina noko om korleis NLM bør vera oppbygd, eller kva struktur som er best for organisasjonen. Det er heller ikkje mitt ansvar korleis NLM skal tenkja om underordning og tenestedeling eller korleis det skal fungera i praksis.