Den viktigaste boka i 2017?

Sjølv når islamistar drep i Allahs namn, 
har det ingen ting 
med islam å gjera!

Publisert Sist oppdatert

Det er ikkje kvart år det dukkar det opp ei bok som skapar panikk blant privilegerte grupper i eit land. Professor i historie, Terje Tvedt, har lansert ei oppsiktsvekkjande bok som samanfattar mykje av den dramatiske samfunnsutviklinga som no rullar og går.

Boka viser korleis landet gjennom masseinnvandring og tilrettelegging for islam på kort tid endrar seg frå ein nasjonal og kristen kultur til å bli eit fleirreligiøst og multikulturelt samfunn.

Nedervde ideal og haldningar skal vrakast, og det relativiserte, globaliserte universalmennesket skal vekse fram. Ola og Kari skal, enn så lenge, få tilhøyre «majoritetsbefolkningen».

Tvedt har pløyd gjennom alle relevante NOU-ar og stortingsdokument sidan regjeringa Harlem Brundtland tok over. Dei tunge dokumenta omtalar ikkje lenger «nasjonen» og «nordmenn».

Omgrep som «norsk kultur» er nyleg kome på lista over uønskt ordlegging i NRK, for slikt «kan virke diskriminerende» på andre. Frå FN-hald dukkar det opp politisk korrekte ordlister.

Ein elite av organisasjonstoppar, akademikarar, forskarar, flokkar av info-konsulentar, «innkjøpte» journalistar og redaktørar i media har oppnådd auka statsfinansiering ved å spinne nye trådar på ein stadig veksande vev av toleranse, humanisme og politikk.

Det er dette Tvedt kallar «det humanitær-politiske komplekset». Elitegruppene og statsapparatet (inkludert Den norske kyrkja) opererer med felles forteljingar om land og samfunn, om verda, om fattigdom og elendigheit og vår fæle rikdom i nord, der medynk, dårleg samvit og sjølvutsletting går inn i den «sanningsproduksjonen» som er sjølve grunnlaget for sikre stillingar og verv i den nye maktbasen.

Denne «usynlege» alliansen har sigra med visjonen om Noreg som humanitær stormakt innan bistand og utviklingshjelp; som eit internasjonalt sentrum for konfliktløysing; som ein ambisiøs fredsnasjon; som eit paradis for reiseglade klimaspesialistar; som ein stat med ressursar til å ta våre dugelege porsjonar av innvandring frå fattige land; vera meir enn romsleg når gjeld flyktningar; sjå med godhug på asylsøkjarar og vera «raus» med gjenforeiningar, og så vidare.

Kort sagt: Dei siste tredve åra er det «godheten» som styrer pengebruken i ei botnlause statskasse. Til å administrere all velferden er det ikkje berre dei valde styresmaktene som rår, men Norsk Folkehjelp, Røde Kors, Redd Barna, Kirkens Nødhjelp og Flyktninghjelpen, dei fleste med årlege milliardbudsjett, og i tillegg har ei lang rekkje andre organisasjonar funne levebrød ved å kasta seg på karusellen, i alt 41, opplyser professoren.

Han legg fram interessante namn i ukjende samanhengar, og skriv friskt om økonomiske løyvingar som journalistar sjeldan går inn i, jf. Clinton-stiftinga og kreative fredsaktivistar her heime.

Tvedt blir sjølvsagt upopulær og motarbeidd frå dei som vert utsette for nærgåande analyse, anten det er humantoppane med dei drustelege leiarlønene, eit enkelt regnskogfond som sysselset førti mann, eller NRK med storfelte TV-innsamlingar i meir enn førti år, men der ingen journalistar gidd å undersøkje korleis det gjekk med pengane.

Offentleg liv, administrasjon, utdanningsvesen, stipendjungelen, media, er gira inn på skryt og omsut for «den norske modellen».

Finst det motstand mot islamiseringa? Terje Tvedt har tråla nokre hundre leiarartiklar i Morgenbladet, Vårt Land, Klassekampen og Aftenposten. Alle meiner stort sett det same når det gjeld godvilje for innvandring og islam; dette er fredens religion. Sjølv når islamistar drep i Allahs namn, har det ingen ting med islam å gjera!

Politiske motstandarar på venstresida, særleg marxistar som sidan 1980-talet har hatt debatt-hegemoniet (men som no kjenner at det knakar), leitar no med lys og lykte for å «ta» denne uforskamma professoren i faktiske feil og feilvurderingar. Men dei finn lite.

Etter mitt syn på historie som fag – kjelder, metodar, skriving og formidling – er Terje Tvedt imponerande, fordi han nyttar det overveldande faktagrunnlaget til å arbeide fram innsikt og presentere nye og originale tolkingar av det som har hendt og hender.

Og han spissformulerer så lesaren hugsar det. Eg kjenner att gleda over analyse og ordkunst slik eg opplevde det på Blindern på det tidlege 70-talet under mine rettleiarar, Berge Furre og Magne Skodvin.

Powered by Labrador CMS