Debatt
OLSOK: Den historiske friluftsforestillinga «Spelet om Heilag Olav» spelast på historisk grunn på Stiklestad kvart år. Her er Nils Ole Oftebro i rolla som kong Olav Haraldsson sommaren 1992.
Gorm Kallestad / NTB
Derfor feirar vi olsok
Olav Haraldsson vart fødd i år 995.i Han var etterkomar etter kong Harald Hårfagre. Olav var ein djerv kar og stridsmann, og tidleg drog han i viking og herja i Europa. Men under eit opphald i England vart han omvend og kom til tru på Kvitekrist, og han vart døypt der. 19 år gammal drog han tilbake til Noreg med to visjonar: å samla Noreg til eitt rike, og til ein kristen nasjon. På denne tida hadde Noreg framleis mange småkongar, der kvar konge rådde over sitt rike.
Han lukkast i å verta konge, og i rundt ti år gjekk det svært bra for kong Olav. Han fekk meir og meir makt i Noreg, og ein større og større del av folket vart omvend til kristendomen. Han innførte bibelske lover i landet, og fekk rydda ut heidenske skikkar. Lovene han innførte vart fundamentet for det nye lov- og rettssystemet vårt, som stod i sterk kontrast til mange gamle heidenske- og vikinglover. Miskunn vart no viktigare enn brutalitet. ii Det vart ulovleg å setja ut småbarn for å døy. Arbeidarar fekk rett til å kvila på søndag.
Kvar bonde som eigde slavar måtte frigje ein slave kvart år. Før dette hadde slavar ingen rettar, men no var det berre eit spørsmål om tid før slavehald ville verta avskaffa. iii