Debatt
FOLKEKYRKJE: Hallgeir Elstad er professor ved Universitetet i Oslo.
Derfor må kyrkja vere landsdekkjande
Den norske kyrkja definerer seg sjølv som ei folkekyrkje, ein definisjon som vi òg finn i Noregs grunnlov. Her er ho omtalt «den norske folkekyrkja» som «blir stødd som det av staten».
Folkekyrkjeomgrepet har fleire dimensjonar. Ein av dei er geografi. Både namnet «Den norske kyrkja» og omgrepet «folkekyrkje» peikar på det.
Kyrkja er knytt til ein konkret nasjon og dei som bur der. Det geografiske aspektet er dessutan tydeleg i omtalen av Den norske kyrkja som ei landsdekkjande folkekyrkje.