Debatt
ULIKE NÅDEGÅVER: Gud har ved tru og dåp sett alle inn i det allmenne prestedømet, men han har samstundes kalla og utrusta folk med ulike nådegåver, skriv Johannes Kleppa. Biletet er frå lovsongskonferansen Lovsang 23 på Oslo Kristne Senter.
Evind Tveter og Odd Mehus
Det allmenne prestedømet er ikkje demokratisk
Det vert nokre gonger snakka som om det allmenne prestedømet er ei demokratisk ordning, men det er misvisande. Demokratiet er ei samfunnsordning, medan det allmenne prestedømet er ei ordning for den kristne forsamlinga. Omgrepet «det allmenne prestedømet» er eit teologisk eller åndeleg uttrykk, ikkje eit demokratisk eller politisk omgrep.
Rett nok er det slik at alle Kristus-truande høyrer til det allmenne prestedømet, i det ein tilhøyrer den kristne forsamlinga, og alle har med det ei åndeleg teneste i kraft av det. I det politiske og demokratiske arbeider ein med makt, avstemming og fleirtal, men i det allmenne prestedømet arbeider ein ut frå syndstilgjeving, åndsutrusting, nådegåver og ved Ordets forkynning.
Det å vektleggja demokratiske avstemmingar i det allmenne prestedømet, er ei avsporing med tanke på kva dette prestedømet er. Dette gjeld særleg i åndelege, teologiske og læremessige spørsmål, noko anna er det i praktiske, administrative og organisatorisk spørsmål – sjølv om dette ofte glid over i kvarandre.