Debatt
TENÅRING: Palestinske Ahed Tamimi fekk åtte månader i fengsel for å ha slått ein israelsk soldat.
Majdi Mohammed / AP / NTB
Det er argumenta som skal angripast, ikkje personen, Holtet
I Dagen 24. juni avslutta eg ei lita meiningsutveksling med Reidar Holtet – ein kjend debattant i avisa Dagen. Det var eit greitt sluttord uten noen personangrep, eg ynskte til og med min neste ein god sommar.
Det gjorde ikkje Holtet i sitt tilsvar i avisa 1. juli, men ein del vakre blomar kom då i retur. Eg takkar for dei!
Dei mest «seriøse» kjem her: Mitt truverd er temmeleg svakt, eg veit visst ikkje definisjonen på ein demokratisk stat, mest truleg føretrekkjer eg styret til president Abbas, eg skuldar Israel for krigsbrotsverk, og min Israel-kritikk er forblinda og lite truverdig. Til slutt – eg er så useriøs at det visstnok er vanskeleg å finna ord.