Frispark
LAUSANNE: Bildet er fra avslutningsseremonien på den forrige Lausanne-kongressen i Cape Town i 2010.
Micah Chiang
Det er langt fleire kyrkjemedlemmer i verda enn etterfølgjarar av Jesus
I september i år skal nokre tusen misjons- og kyrkjeleiarar møtast til den fjerde Lausanne-kongressen, L4, denne gongen i Seoul. Eit av dei store forarbeida er rapporten om korleis det står til med det store oppdraget som Jesus gav læresveinane sine – å følgje han overalt for å dele evangeliet.
Rapporten hentar grunnlagsmateriale frå det sterke forskingsmiljøet knytt til World Christian Database og dei alltid aktive datainnsamlarane i Joshua Project. Det som blir lagt fram, vil slik ha god fagleg basis med ferske, oppdaterte tal, og godt funderte refleksjonar frå alle verdshjørne.
For oss som er opptatt av misjon, gir fleire markerte tendensar grunn til takk og forventing. Bibelomsetting er basiselementet i all kristen misjon, og vi ser ei sterkare satsing enn nokon gong på å få fram bibeldelar og biblar på nye språk.