Kommentar
EFFEKTIV: Fri har, mellom anna gjennom Pride-markeringane, effektivt greidd å spreia sine politiske hjartesaker, og møtt vidopen dør hjå politikarane. Tida er kommen for å bremsa.
Herman Frantzen
Det er vilt at Blodbanken blir kamparena for identitetspolitikk
Foreningen Fri har vore godt vane dei seinare åra. Dei har fått fleire politiske gjennomslag, utan mange motstemmer. Når Fri no gjer Blodbanken til identitetspolitisk slagmark trengst kritisk ettertanke.
Foreningen Fri er dagens utgåve av «Forbundet av 1948». Det er ein paraplyorganisasjon som sidan oppstarten har samla interesser knytt til lesbiske, homofiles, bifiles og transpersonars rettar. Dagens Fri er blitt til ei meir allmenn «foreining for kjønns – og seksualitetsmangfald».
Den mest synlege sida av Fri har dei seinare åra handla om Pride-markeringar. Først og fremst i dei store byane, men utviklinga har gått i retning av fleire markeringar rundt om i landet.
Flaggsak